Kor mykje ressursar har dei brukt på forvaltning og tilretteleggjing for oppdrettsnæringa?
Kor mykje ressursar har dei brukt på forvaltning og tilretteleggjing for oppdrettsnæringa?

Havbruksfond: Kvifor skal ikkje oppdrettskommunar ha inntekter frå beslag og bruk av sine sjøområde?

Dette er fjord – og kystkommunane sine naturressursar, skriv ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap).

Norsk oppdrettsnæring er ei økonomisk suksesshistorie som nyttar seg av ein begrensa naturressurs i form av sjøareal.

Vertskommunane må ha ei stabil og føreseieleg inntekt for å leggja til rette for at Norges viktigaste framtidsnæring kan halda fram med å veksa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein stor seier

Eit langvarig arbeid frå Nettverk fjord – og kystkommunar ( NFKK ), der Fusa kommune er medlem førte til ein stor seier for fjord – og kystkommunane da Havbruksfondet kom på plass (blei vedtatt).

Det gjev inntekter til kommunane som gjer at me kan gje gode tenester tilbake både til næringslivet og innbyggjarane.

Utfordringane med Havbruksfondet er at inntektene til fondet er basert på vekst, noko som er usikkert på grunn av lus, sjukdom, forureining osv.

Den utbetalinga som kom i 2018 er langt større enn det me kunne forventa (Fusa kommune fekk 20,4 mill). Desse midlane vil Fusa kommune i stor grad nytta til reasfaltering og opprustning av kommunale vegar i 2019.

Men det er også slik at det er første gang at oppdrettskommunane får noko igjen for ei næring som har brukt kommunale sjøområde i 50 år.

Den gjennomsnittlege utbetalinga pr. innbyggjar til oppdrettskommunane er på ca. Kr. 5.700,- pr. innbyggjar i år, ikkje årleg.

Det er denne usikkerheita som er grunnen til at fjord– og kystkommunane ønskjer ei type arealavgift. Ei slags leigeinntekt frå bruk og beslag av kommunale sjøareal.

Stortingsfleirtalet er samd

Fleirtalet på Stortinget er enig med NFKK i at prinsippet om at kommunar som stiller sine sjøareal til disposisjon for oppdrett av laks og aure, skal få ein andel av verdiskapinga. (Ap, Sp, KrF, SV og V).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kom klart til uttrykk gjennom Stortinget si behandling i juni 2018 der det blir uttrykt slik:«Stortinget ber regjeringa om å setja ned eit partssamansett utval som skal utarbeida ein NOU som behandlar ulike former for beskatning av havbruksnæringa, bl.a. produksjonsavgift, og grunnrentebeskatning/ressursrenteavgift. Eit av måla med utredningen er at vertskommunar skal sikrast stabile og føreseielege årlege inntekter for bruk av areal og for å tilretteleggja for nytt areal når det ikkje er vekst»

Kostnader

Fjord – og kystkommunar har kostnader med næringa. Når andre kommunar, utan oppdrettsanlegg, meiner dei er urettferdig behandla er det grunnlag for å spørja: Kor mykje ressursar har dei brukt på forvaltning og tilretteleggjing for oppdrettsnæringa?

Skal denne næringa veksa og skapa arbeidsplassar er den også avhengig av gode lokalsamfunn med gode tenester innan barnehagar og skular, helse og omsorg, kultur og fritidstilbod, infrastruktur osv.

Det er grunnlag for å meina at det er på tide å erkjenna at det er rett og rimeleg at dei som bidrar til denne verdiskapinga – dei som bur og arbeider i dei mange lokalsamfunna og som bidrar til at oppdrettsnæringa får føreseielege rammevilkår – fortener å få noko meir igjen.

Avgrensa med areal

Areala er i mange samanhengar eit knappheitsgode som fleire kjempar om. Fiskeinteresser, miljøinteresser, friluftsinteresser osv. Kommunen har derfor eit ansvar og ein stor jobb med å regulera og leggja til rette for oppdrettsnæringa.

I denne saka bør næringa og kommunane ha felles interesser.

Dersom næringa og vertskommunane hadde gått saman i denne saka, ville det fått både ein lågare kostnad og pengane hadde blitt verande i fjord – og kystkommunane til glede for næringa og deira tilsette.

Det er i Norge ein lang tradisjon for at dei som nyttar lokale naturressursar i si verksemnd skal betala for seg til lokalsamfunnet som legg til rette for at dette gjev verdifulle inntekter til storsamfunnet og til kommersielle interesser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt frå den gang Johan Castberg, konsesjonslovas far, etablerte dei kloke prinsippa for å utnytta vannkrafta, har dette vore eit sentralt og anerkjent prinsipp i norsk økonomisk forvaltning og fordelingsprinsipp.

Nokre kommunar har inntekter frå vasskrafta, andre frå gass og oljeinntekter.

Kvifor skal ikkje oppdrettskommunar ha inntekter frå beslag og bruk av sine sjøområde?

Dette er fjord – og kystkommunane sine naturressursar.

Atle Kvåle

Ordførar Fusa kommune