annonse

Hordfast: – Ny teknologi kan ha stort potensial for kostnadsinnsparing

To prosjektgrupper, same konklusjon
To prosjektgrupper, same konklusjon: AMC og OON har sidan november 2018 jobba parallelt og åtskilt med den same utgreiingsoppgåva. Det Norske Veritas har følgt dei to prosjektgruppene, og utført uavhengig analyse- verifikasjonsarbeid. (Foto: Illustrasjon, AMC)
To prosjektgrupper, same konklusjon
To prosjektgrupper, same konklusjon: AMC og OON har sidan november 2018 jobba parallelt og åtskilt med den same utgreiingsoppgåva. Det Norske Veritas har følgt dei to prosjektgruppene, og utført uavhengig analyse- verifikasjonsarbeid. (Foto: Illustrasjon, OON)

Prosjektgruppene som har arbeidd med korleis Bjørnefjorden best kan kryssast, konkluderer begge med at ei boga flytebru er den beste løysinga. I slutten av oktober kjem Statens vegvesen med eit nytt kostnadsestimat for brua.

Camilla Kvamme

Det går fram av ei pressemelding Statens vegvesen sendte ut tidlegare i dag.

AMC og OON har sidan november 2018 jobba med korleis Bjørnefjorden best kan kryssast med flytebru.

– Begge gruppene har anbefalt ei boga flytebru, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Øyvind Kongsvik Nedrebø, som har leidd arbeidet.

Flytebrua vert over fem kilometer lang, og skal kryssa den 550 meter djupe fjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord.

Statens vegvesen har utgreidd flytebru over Bjørnefjorden sidan 2014. Hovudalternativa var ei boga bru som berre var festa i enden på kvar side av fjorden, og ei rett bru som i tillegg hadde forankringsliner festa til sjøbotn.

Usikkerheita var stor, noko også prisen på dei to alternativa reflekterte. Det vart bestemt at fleire alternativ måtte vurderast.

Internasjonal merksemd

Fire variantar av flytebrukonseptet er no utgreidd dei to prosjektgruppene. Dei viktigaste kriteria for arbeidet har vore konstruksjonstryggleik, funksjonalitet, kostnad og estetikk.

– Prosjektet med flytebru over Bjørnefjorden er grensesprengjande, og har vekt stor oppsikt i utlandet. Prosjektet har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no vert utgreidd, seier prosjektleiar Svein Erik Jakobsen hjå AMC.

– Dette er eit prosjekt som krev tverrfagleg og innovativ jobbing. Bruprosjektet blir lagt merke til i fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier Kolbjørn Høyland, prosjektleiar i OON.

Tre fagmiljø – same konklusjon

Av pressemeldinga går det også fram at med ny teknologi kan jobben gjerast i Noreg, noko som igjen vil gje store innsparingar på pris. Det vanlege er at mykje av stålarbeidet i ein så stor konstruksjon vert gjort i utlandet, heiter det.

– Etter å ha fullført oppdraga tilrår begge rådgjevargruppene den same varianten av flytebru. Dette er ei boga bru som vert halde fast på kvar side av fjorden, og som er utrusta med forankringspunkt i sjøbotn. Forankringsliner gjev betydelege fordelar, seier Nedrebø og legg til:

– Dei to gruppene har føreslått litt ulike løysingar for forankringssystema og plassering av desse. Dette vil bli vurdert nærare i neste fase.

Det Norske Veritas seier ifølgje pressemeldinga seg samd i tilrådingane frå AMC og OON.

– Med ei slik eintydig tilråding frå sterke fagmiljø, har Statens vegvesen grunnlag for å kunna leggja fram eit meir presist kostnadsestimat for bru over Bjørnefjorden enn tidlegare. Vegvesenet vil koma attende til det i slutten av oktober, seier Nedrebø i pressemeldinga.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut