Nore Neset/Os J15 har vunne alle kampane sine så langt og står med 22-0 i målforskjell.
Nore Neset/Os J15 har vunne alle kampane sine så langt og står med 22-0 i målforskjell.

- Jentene kan gå heile vegen

Nore Neset/Os J15 vann 7-0 i siste gruppekamp og står dermed med imponerande 22-0 i målforskjell etter gruppespelet. - Jentene har eit kjempepotensial, fortel lagleiar Ørjan Sandal.

post@osogfusa.no

Torsdag skal Nore Neset/Os J15 spela 8.-delsfinale mot anten IL Bjørn eller Røa IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har gjort den jobben vi skal hittil. Til tider har dei spelt veldig bra. Dei er ikkje berre gode på bana, også mentalt er dei sterke og er villige til å leggja ned innsatsen som må til. Jentene kan gå heile vegen fortel Sandal.

Onsdag har jentene kviledag, og den vert brukt godt.

- Det er viktig at jentene har det kjekt også mellom kampane. Dette er jo ei opplevingsveke, og ramma rundt kampane er også ein stor del av turen. No har vi lagt bak oss nokre gode dagar, og ser verkeleg fram til neste kamp. Eg må i tillegg poengtera at vi er eit stort team som jobbar i lag her, og Jan Frode Skeie, Kenneth Moland og Morten Døsen gjer ein veldig god jobb i trenerteamet, fortel Sandal.

Os G16 2 tapte 32.-delsfinalen 1-2 mot Ull/Kisa etter eit jamn oppgjer.
Os G16 2 tapte 32.-delsfinalen 1-2 mot Ull/Kisa etter eit jamn oppgjer.
Os G19 vann gruppa si, og møter amerikanske ASAL SC til dyst i sluttspelet på torsdag.
Os G19 vann gruppa si, og møter amerikanske ASAL SC til dyst i sluttspelet på torsdag.
Onsdag kveld skal Eikelandsfjorden J19 bryna seg på Norhordaland 2 i sluttspelet.
Onsdag kveld skal Eikelandsfjorden J19 bryna seg på Norhordaland 2 i sluttspelet.

- Tapte på grunn av trenaren

Ørjan Sandal er også trenar for Os G16 som spelte 1–1 mot Asker på tysdag og møtte knallgode Lyn i 32.-delsfinalen onsdag morgon. Der trakk dei det kortaste strået på golden goal, med eit minutt igjen av ekstraomgangane.

– Vi møtte kanskje det beste laget som er med i tevlinga. Det er eit av dei desidert beste laga i heile Noreg. Dei valde å stille med toppa lag her i Norway Cup, fortel lagleiar Ørjan Sandal.

Gutane kjempa likevel bra og viste at dei kunne matcha opp med dei beste i landet.

– Gutane følgde kampplanen til punkt og prikke, og dei heldt 0–0 til ordinær tid. Så følgde to ekstraomgangar på fem minutt, og med eitt minutt igjen scora Lyn på eit skot som gjekk via ein annan spelar og i mål. Då var vi også ein mann mindre grunna eitt strengt raudt kort nokre minuttar tidlegare, fortel Sandal.

Baklengsmålet tar lagleiaren på si eiga kappe.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg var opptatt av å byta inn dei som skulle ta straffe til den komande straffekonken, og dirigerte ikkje spelarane på den måten eg burde. Eg har førebudd meg på nært sagt alle situasjonar før tevlinga, men eg vart tatt på senga då vi fekk ein utvist og fokuserte for lite på det som skjedde på bana. Vi vart liggjande 6-7 meter for djupt, og hadde eg gjort det eg skulle, hadde vi ikkje tapt den kampen.

Laget reiser likevel ikkje heim med hovudet i henda.

– Det var så nære, så nære, og gutane har all grunn til å vera sinnssjukt stolte over det dei har levert, sjølv om dei er skuffa akkurat no. Vi kan reisa heim utan å ha tapt ein kamp etter ordinær tid, og samstundes ha spelt mot nokre av dei beste laga i landet. Vi har allereie planar om å komma tilbake att til neste år og vinna på straffekonk. Det har vi trena på i fleire månader og eg er overtydde om at vi hadde slått ut Lyn om vi hadde hamna i straffekonk, avsluttar han.

Os G15 i straffekonk

Det yngste gutelaget frå Os gjekk med siffera 4-1, sigrande ut av gruppespelkampen mot Bokn IL tysdag. Onsdag var dei det første lokale laget til å prøva seg sluttspelet. Men 32.-delsfinalen i A-sluttspelet gjekk diverre ikkje slik gutane hadde håpa, og Nest-Sotra på motsett banehalvdel kunne etter ein nervepinnane straffesparkkonkurranse strekkja hendene i vêret.

Os G16 2 tapte 0–1 i den viktige sistekampen mot Charlottenlund SK 2, og vart dermed å sjå i B-sluttspelet. Der spelte dei 32.-delsfinale mot Ull/Kisa onsdag føremiddag, men måtte etter ein jamn kamp sjå seg slått 1–2.

Os G19 vann 2–0 mot Søgne FK Allstars tysdag kveld, og med 2–0 mot Oppdal tysdag, kunne dei innkassere gruppesiger i deira avdeling.

Torsdag føremiddag skal dei måla krefter mot amerikanske ASAL SC i 16.-delsfinalen.

Nore Neset/Os J15 2 tapte deira siste kamp og spelar torsdag sin første kamp i B-sluttspelet. Kven dei speler mot i åttandedelsfinalen er ikkje klart før Kolnes IL og Raufoss Fotball har spelt ferdig onsdagens 16.-delsfinale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første siger

Eikelandsfjorden G15 kunne endeleg jubla for sin første siger på Norway Cup, etter at Klemedsrud IL 2 vart banka 3–0 tysdag kveld. Onsdag speler dei 16.-delsfinale i B-sluttspelet med Holmlia på motsett banehalvdel.

Eikelandsfjorden G14 tapte siste kamp tysdag mot Øystre Slidre IL og møter Elverhøy FK til 16.-delsfinale i B-sluttspelet onsdag.

Eikelandsfjorden J14 tapte knipent 0–1 i den avgjerande gruppespelkampen mot Sundjordet IF tysdag, og spelar onsdag 16.-delsfinale mot Surnadal IL.

Eikelandsfjorden J19 vann førstekampen måndag kveld 2–0 mot Haramsøy/Nordøy FK. Det vart tøffare i dei to siste kampane på tysdag, der dei tapte 1–3 mot KFUM-Kam Oslo og 0–8 mot Tiller IL. Onsdag kveld går første kamp i B-sluttspelet av stabelen, der dei møter Nordhordland BK 2.