Judith Rasmussen bestemte seg for rosa neglelakk i utvalet til Christine Vernøy. – Det blir veldig fint. Det er ikkje ofte eg får på meg neglelakk, seier Judith.
Judith Rasmussen bestemte seg for rosa neglelakk i utvalet til Christine Vernøy. – Det blir veldig fint. Det er ikkje ofte eg får på meg neglelakk, seier Judith.

Judith (96) fekk på rosa neglelakk

– Det blir veldig flott. Det er ikkje ofte eg får på meg neglelakk, seier Judith Rasmussen.

96-åringen smiler breitt, og ser på helsefagarbeidar-studenten frå Os vgs, Christine Vernøy, som sit på andre sida av bordet.

– Du er flink, du, seier Judith.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Takk for det, seier Christine og spør om rosa er favorittfargen.

– Tja, det er alt etter kva klede eg har på. Eg er glad i å pynta meg, seier Judith og ser ned på neglene som er i ferd med å bli knallrosa.

Massasje og neglelakk

I år feirar Kom deg ut-dagen på Luranetunet sju år. Os frivilligsentral, elevar frå helsefagarbeiderlina på Os vidaregåande skule, kultureininga i Os, pårørande og representantar frå ulike lag og organisasjonar, har i fellesskap skapt ein triveleg og sosial aktivitetsdag for alle avdelingane på Luranetunet. Helsefaglina har Livsglede for Eldre på timeplanen. Arrangement som Kom deg ut-dagen er ein ypparleg sjanse for studentane til å læra seg å forstå, kommunisera og samarbeida med eldre menneske. Christine, som sat i handmassasje- og neglelakkbua saman med to medstudentar, fortel at dei har eit variert aktivitetstilbod til dei eldre.

Ein kunne vinna premiar i dei ulike buene. Mellom anna ved å gjette kor mykje makaroni det var på eit glas og kor mykje to ulike steinar veg.
Ein kunne vinna premiar i dei ulike buene. Mellom anna ved å gjette kor mykje makaroni det var på eit glas og kor mykje to ulike steinar veg.
Alvhild Sundøy hadde kontroll på nokre av spørsmåla på quizen, men ho måtte også ta råsjanser.
Alvhild Sundøy hadde kontroll på nokre av spørsmåla på quizen, men ho måtte også ta råsjanser.
Øyvind Gjerde og Merethe Hovden spelte opp til dans.
Øyvind Gjerde og Merethe Hovden spelte opp til dans.
Stine Kobbeltvedt i frivilligsentralen fann seg ein dansepartnar.
Stine Kobbeltvedt i frivilligsentralen fann seg ein dansepartnar.
Med litt helling på bakken var det ikkje heilt enkelt å treffa kjeglene, men det stod ikkje på innsatsen.
Med litt helling på bakken var det ikkje heilt enkelt å treffa kjeglene, men det stod ikkje på innsatsen.
Grethe Byrkjeland og Aud Winsents.
Grethe Byrkjeland og Aud Winsents.

– Det er aktivitetar som bowling, og ei bu kor ein skal gjetta kor mykje som er i ulike glas og vi har quiz. Dei som deltek kan vinna mange ulike premiar, seier Christine.

– Kjem meg ut kvar dag

Ein av dei som prøvde seg på quizen, var Alvhild Samnøy (96).

– Ka synest du om Kom deg ut-dagen?

– Han er ok. Eg kjem meg ut kvar dag, seier Alvhild og smiler.

Quizen gjekk det så som så med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre spørsmål klarer eg, og noko har forsvunne med tida, seier 96-åringen.

Tradisjon med sol

Det er mange som ser fram til Kom deg ut-dagen på Luranetunet. Aktivitetskoordinator Grethe Byrkjeland fortel at “Å ja, det er Kom deg ut-dagen” er blitt eit omgrep.

– Det er sosialt, og det er mykje liv og aktivitetar på kryss og tvers på Luranetunet i dag. Det er utruleg populært. Som vanleg er også pårørande inviterte, seier Byrkjeland.

Det er mykje som skjer i løpet av det to timar lange arrangementet. Øyvind Gjerde er vandrande musikar med saksofonen. Det har han vore kvart år. Med seg har han Merethe Hovden på gitar. Grilling, natursti og steiking av vaflar, i tillegg til aktivitetane i regi av elevane frå Os vgs, finn stad på uteområdet.

Arrangementet onsdag er det sjuande i rekkja, og er blitt ein tradisjon. Den første onsdagen i september går Kom deg ut-dagen av stabelen.

– Tradisjon er det også at det er fint vêr. Det såg skummelt ut i år, men det klarna opp medan vi rigga til, seier Byrkjeland og smiler.