Keeper Tore Kleppe på ein av sine mange turar ut på bana. Her i duell med kjendis-kaptein Jan Helge Corneliussen.
Keeper Tore Kleppe på ein av sine mange turar ut på bana. Her i duell med kjendis-kaptein Jan Helge Corneliussen.

Klovnar i kamp

Fotballkampen mellom lokale kjendisar og gatelaget var prega av godt humør, to meter tulling og sitatmaskina Tore Kleppe.

– Kom igjen, gutar, dei er heilt i kjellaren no, og jenter, ropar gatelag-keeper Tore Kleppe idet laget hans får enno eit mål imot seg.

Supportergeneralen fornektar seg ikkje, i to gonger 12 minutt ropar han ut oppmuntringar og heiarop til ein gjeng som kjempar som løver. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Taktikken er å la dei tru dei kjem til å vinna, ler Tore og gatelag-kaptein Emil.

Resultatet vart til slutt 5-1, men kven bryr seg. Denne kampen handla om å ha det gøy, og dei to laga gav publikum stor underhaldning.

På kjendislaget trona Thomas Helgesen i ein slags Jostein Flo-rolle. Sjølv om den lange fyren ikkje rakk opp til ballen på eit hjørnespark i hans retning.

Godt mulig Gry Skarstein synest denne kampen var kjekkare enn både å vinna 71 grader nord og å ha gymtimar på Os ungdomsskule.
Godt mulig Gry Skarstein synest denne kampen var kjekkare enn både å vinna 71 grader nord og å ha gymtimar på Os ungdomsskule.
Gatelag-kaptein Emil kjempa som ei løve.
Gatelag-kaptein Emil kjempa som ei løve.
Tore Kleppe pådrar seg eit heftig skrubbsår i duell med næringssjef Daniel Skotheim.
Tore Kleppe pådrar seg eit heftig skrubbsår i duell med næringssjef Daniel Skotheim.
Så lang som berre Thomas Helgesen aka to meter tulling kan vera.
Så lang som berre Thomas Helgesen aka to meter tulling kan vera.
William Lindborg har looken til ein fotball-proff, og engasjementet også.
William Lindborg har looken til ein fotball-proff, og engasjementet også.
Ein strålande nøgd Thomas Helgesen har endeleg fått ballen i mål.
Ein strålande nøgd Thomas Helgesen har endeleg fått ballen i mål.
Hilde Kristin Røttingen kan meir enn å vera legende for handball-damene.
Hilde Kristin Røttingen kan meir enn å vera legende for handball-damene.
Håvard Holmefjord Lorentzen og Vartun-sjef Arve Frostad i duell.
Håvard Holmefjord Lorentzen og Vartun-sjef Arve Frostad i duell.

– Helgesen er for lav, ropa Kleppe triumferande. 

Sistnemnde ofra seg skikkeleg i redningane, og fekk attesten «premier league-nivå» frå speakeren: «Det hadde vore langt fleire mål til kjendislaget om ikkje det var for mannen i grønt (Tore Kleppe)».