Osingen Lilly-Mae Grønvigh (15) og fusingen Frida Solheim (15) har spela i band i lag sidan tidleg i 2017. Om vel to veker står dei på scena i Os rockeklubb saman med tre andre band.
Osingen Lilly-Mae Grønvigh (15) og fusingen Frida Solheim (15) har spela i band i lag sidan tidleg i 2017. Om vel to veker står dei på scena i Os rockeklubb saman med tre andre band.

Knyter band gjennom musikken

Lilly-Mae Grønvigh (snart 16) og Frida Solheim (15) har eit ønskje om at fleire unge skal få augo opp for kor kjekt det er å spela i band. No inviterer dei til konsert i Os rockeklubb.

Lilly-Mae kjem frå Os, Frida frå Fusa. Saman med Marie Steinum og Zofia Konieczka utgjer dei bandet Ameliorate! Det er Zofia som er fellesnemnaren. Ho kjenner folk på begge sider av fjorden.

– Vi byrja å chatta saman. Vi fann ut at vi har felles interesser, fortel dei to jentene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed var spira til eit nytt band sådd. Få dagar før dei stod på scena på lokalmønstringa til UKM i februar, hadde firkløveret si første øving.

– Vi hadde eigentleg berre tenkt å delta på workshopen på UKM, men fekk spørsmål om å spela, seier dei.

Etter fylkesmønstringa i slutten av april har det vore stilt på bandfronten, men no er jentene klare til å ta opp tråden igjen.

Når ein skal arrangera konsert, er det viktig med plakatar. Desse vert snart å sjå rundt om kring i heile Os og Fusa.
Når ein skal arrangera konsert, er det viktig med plakatar. Desse vert snart å sjå rundt om kring i heile Os og Fusa.
I Os rockeklubb er det plass til kring 130 gjester. Frida Solheim og Lilly-Mae Grønvigh vert glade om det kjem om lag halvparten på konserten deira.
I Os rockeklubb er det plass til kring 130 gjester. Frida Solheim og Lilly-Mae Grønvigh vert glade om det kjem om lag halvparten på konserten deira.

– Vi har hatt ein liten pause. Men no har vi fått attende energien, og har fullt fokus på spelinga, seier Frida.

Ikkje nok med det. 11. november inviterer jentene, i regi av UROF – Ung Rock i Os og Fusa, til konsert for ungdom, med ungdom. Konserten finn stad i Os rockeklubb sine øvingslokale på Kuventræ.

– Vi har fire-fem øvingar på oss til å gjera ferdig 6–8 songar, seier jentene og smiler litt nervøst.

Eksperimentell musikk

Ameliorate! er på ein måte Os-alibiet på konserten. I tillegg kjem Fusa-bandet Sleepwalkers og to band frå Åsane, Close og Ant Industry.

– Det er ganske dødt på ungdomsbandfronten i Os for tida. Ønsket vårt er at ungdomane skal koma seg ut, få lyst til å starta eigne band, og engasjera seg litt meir, ikkje berre sitja framføre PC-ane sine, slår dei to musikarane fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lilly-Mae spelar bass, Frida gitar. Musikken til Ameliorate! skildrar dei som eksperimentell.

– Vi lagar eigen muiskk og leikar oss med ulike stilar. Det er alternativ rock på grensa til indie, fortel dei.

Konserten i Os rockeklubb i november er den første konserten jentene arrangerer. Men dei har vore på kurs i regi av AKKS Bergen og Brak, og har arbeidd som frivillige på fleire festivalar. UROF har med andre ord store planar framover.

– Håpet er at vi skal få til å arrangera ein konsert i Fusa også.Det finst mange kule, lokale band frå ulike sjangrar. Vi har nokre idear for komande arrengement. Og om folk kjøper mykje mat i kisoken, får vi kanskje råd til å invitera nokre meir kjente artistar også, seier duoen nøgd.

– Noko for ein kvar smak

Konserten er nemleg gratis. Og rusfri. Arrangementet er mynta på elevar i frå 7. klasse på barneskulen, til 3. trinn på vidaregåande.

– Hovudideen vår er å invitera til ein konsert som ikkje kostar noko for ungdomane. Det er alt for mange arrangement som har alt for høge priser, meiner dei.

– Og sjølv om vi heiter Ung Rock... vert det ikkje berre rock. Programmet er veldig variert. Det er noko for ein kvar smak, påpeikar Frida.

Om vel to veker står dei på scena i Os roceklubb. Jentene har begynt å gle seg allereie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi gler oss til å visa fram dei lokale talenta, og til å spela sjølve, seier Lilly-Mae.

– Og så gler vi oss til å høyra låten «Zippofire» av Ant Industry. Den har vi hatt på hjernen sidan juni, seier jentene og ler.

camilla.kvamme@osogfusa.no