(
(

Kolliderte med hjort i 80-sone: – Bilen var ikkje køyrbar etter samanstøyten

Det heldt på å gå skikkeleg gale då ein bilist i høg fart kolliderte med ein hjort.

Ulukka skjedde på Holmefjordvegen. Bilen var ikkje køyrbar, men samanstøyten skal ikkje ha medført personskade. Hjorten måtte bøta med livet.

– Hjorten døydde ikkje momentant, men viltnemnda blei tilkalla, og dei avliva hjorten på staden, fortel politibetjent, Kjartan Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan springa rett mot bilen

Det har vore mange hjortepåkøyrslar i Fusa dei siste månadane, og då særleg den siste tida.

– Det er mykje hjort. Dei blir meir aktive no som våren kjem. Graset er grønt og dei kjem ned og skal ha mat, fortel Svendsen.

Det var også i fjor mange hjortepåkøyrslar i Fusa. Då starta året med tre tilfelle dei første elleve dagane.

– Ein må følgja med i trafikken. Dyr er uføreseielege. Dei kan springa rett mot bilen. Dei er ikkje så smarte, seier Svendsen.