Landslagsspelar Thea Hauge og pappa Bjørn spelte i lag i romjulscupen og var blant mange rekna som favorittar, men hadde dessverre ikkje heilt dagen i Kløvertun laurdag.
Landslagsspelar Thea Hauge og pappa Bjørn spelte i lag i romjulscupen og var blant mange rekna som favorittar, men hadde dessverre ikkje heilt dagen i Kløvertun laurdag.

Kom til kort mot rogalendingar

Korkje toppteamet pappa og dotter Thea og Bjørn Hauge eller andre osingar klarte å hevda seg i toppen av resultatlista under romjulsturneringa i bridge laurdag.

Heile 35 par var i aksjon i Kløvertun laurdag. Kortspelarane heldt det gåande frå klokka 10.00 til klokka 18.00. I løpet av denne tida rakk dei å spela 14 rundar.

– Her går det slag i slag. Det er alltid ekstra moro når så mange er med, seier leiar i Os bridgeklubb, Anders Johansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par av deltakarane kom langvegsfrå.

– I dag har me spelarar frå store deler av Vestlandet. Me har folk frå Haugesund, Samnanger, Bergen og Bergen Nord, fortel Johansen.

Juleekspriment

Blant dei 35 para som var i aksjon var fem frå arrangørklubben. Dessverre var det ingen av dei som hevda seg heilt i toppen denne gongen.

Heile 35 par var i aksjon under Os bridgeklubbs romjulsturnering laurdag.
Heile 35 par var i aksjon under Os bridgeklubbs romjulsturnering laurdag.
Leiar Anders Johansen og Tor Anders Hauge hadde ein grei dag på Kløvertun, men spelte ikkje godt nok til å hevda seg heilt i toppen.
Leiar Anders Johansen og Tor Anders Hauge hadde ein grei dag på Kløvertun, men spelte ikkje godt nok til å hevda seg heilt i toppen.
Christian Bakke og far hans Tor var i leiinga då Os og Fusaposten var innom bridge-turneringa laurdag ettermiddag.
Christian Bakke og far hans Tor var i leiinga då Os og Fusaposten var innom bridge-turneringa laurdag ettermiddag.

– Du får høyra litt med landslagsspelar Thea og Bjørn Hauge. Kanskje dei er i slag, tipsa leiar Johansen.

Dessverre var det lite godt nytt frå den kanten å melda.

– I dag er me ikkje i slag. Dette er heilt på det jamne og knapt nok det, sukka pappa Bjørn.

– Er det første gong de spelar saman?

– Ja, dette er eit lite juleekspriment, men så langt har det ikkje vore nokon særleg suksess, humrar Bjørn galgenhumoristisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vårt andre tips på lokale spelar i godt slag gjekk på Tor Anders Hauge og lear Johansen sjølv, men godt ut i 11. runde kunne dei ikkje gjera anna enn å dempa forventingane.

– Hehe, nei me er ikkje så veldig gode i dag me heller. Me ligg vel å vakar rundt midten me også, konstaterer Tor Anders Hauge.

Far og son i leiing

Då Os & Fusaposten var innom var det unge Christian Bakke og far hans Tor som var i leiing. Bridgeparet frå Fantoft leidde då med 20 poeng.

– Det er ikkje all verda til leiing, men om me spelar jamt bra i dei tre siste rundane, så kan det halda inn, kommenterte Bakke.

Men det heldt ikkje heilt inn for team Bakke. Vinnarparet på laurdag var Sigurd Østerbøvik og Jim Høyland frå Koppervik. Dei stakk av med ein premie på 3.000 kroner.

Beste par frå Os vart Karl Otto Curran og Reidar Dale. Dei vart nummer seks. Anders Johansen og Tor Anders Hauge vart nummer åtte.

Her er link til heile resultatlista: http://www.osbk.no/result/view/1457/2017-12-30?node=60705