Endre Nordvik gav ut si første plate i fjor haust. Sotraværingen fekk gode kritikkar.
Endre Nordvik gav ut si første plate i fjor haust. Sotraværingen fekk gode kritikkar.

Kurt-kompis til Osfest

Endre Nordvik er klar for Osfest. Kompisen til Kurt Nilsen får solide skotsmål over alt han spelar.

Endre Nordvik er tredje artist som inngår i Osfest sitt program for laurdag 11. august. Dei to andre artistane/banda som spelar denne dagen er Morten Abel og bandet «Staut».

Den nye Osfest-artisten er berre 24 år gamal, men har alt vore med på ein god del som musikar, låtskrivar og songar. I fjor haust gav han ut sitt første album. Men sotraværingen hadde vore med på mykje før det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltok i MGP

Alt som 16-åring hadde han sin første TV-opptreden. Då som deltakar i talentprogrammet X-Factor på TV2.

To år seinare deltok han i delfinalen i Melodi Grand Prix med ein låt skriven av Samsaya.

Sidan dette har ungguten skrive og jobba med eige materiale.

Endre Norvik er også med i bandet til Kurt Nilsen. Her frå ein av live-jobbane med gjengen i fjor.
Endre Norvik er også med i bandet til Kurt Nilsen. Her frå ein av live-jobbane med gjengen i fjor.

For tre år sidan møtte han Kurt Nilsen, sidan har han spelt i bandet hans, og skrive litt i lag med han.

Låten «Like old friends» skreiv han og Kurt Nilsen om bord i ein liten robåt på eit vatn ved hytta til Kurt.

Mykje avspeling

Til liks med Kurt Nilsen har også Endre Nordvik Eirik Grønner som produsent. Plata «Suberb Hero» vart til i Grønners studio på Sotra.

Blant låtane frå albumet er «I`m In Love With You». Til no har denne nådd seks millionar avspelingar på Spotify.

Kompis Nilsen er også med på plata og syng i lag med Endre på låta «Let The Good Times In».

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore Neset-busette Bjørn Sæther er trommis for både Kurt Nilsen og Endre Nordvik. Mykje talar for at han får ein kort reisejobb laurdag 11. august.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no