annonse

Kva er det vi busette i Os vil oppnå?

: Debatten om monsterbruprosjektet over Bjørnafjorden starta i Os, men har no spreidd seg til store delar av fylket vårt, etter kvart som det går opp for jamt fleire kva negative konsekvensar prosjektet vil få for realiseringa av konkurrerande vegplanar i fylket vårt.

Tilhengjarane av monsterbrua har hatt nærast full politisk kontroll både i Os, i Hordaland fylke og sidan 2013 óg nasjonalt. Strategien må ha vore å kvela debatten ved ikkje å ta del i den, skriv Egil Haugland.

LESARBREV: Vi har no bak oss meir enn fem år med debatt om den delen av planane om ferjefri E39 som vert omtalt som Hordfast. Debatten om monsterbruprosjektet over Bjørnafjorden starta i Os, men har no spreidd seg til store delar av fylket vårt, etter kvart som det går opp for jamt fleire kva negative konsekvensar prosjektet vil få for realiseringa av konkurrerande vegplanar i fylket vårt.

Både lokalt, men og i ei viss mon regionalt – har debatten vore dominert av motstandarane av bru over Bjørnafjorden. Tilhengjarane av monsterbrua har hatt nærast full politisk kontroll både i Os, i Hordaland fylke og sidan 2013 óg nasjonalt. Strategien må ha vore å kvela debatten ved ikkje å ta del i den.

Statens Vegvesen (SVV) hevdar at dei utfører eit oppdrag dei har fått frå politikarane, og at det difor må koma nye bestillingar frå politisk hald – det vil seia regjeringa – dersom dei på nytt skal vurdera alternativet med ferjefri E39 gjennom Tysnes og Fusa (Indre alternativ for Hordfast). På eit informasjonsmøte i Os den 11. mai gjorde pappapermitert statssekretær Tom Christer Nilsen det heilt klårt at eit slikt initiativ ikkje vil koma frå den sitjande regjeringa. «Midtre alternativ som korridor for Hordfast ligg fast.»

Talsmenn for brutilhengjarane – leia av politikarar frå Sunnhordland og Bergen Næringsråd, NHO og LO i Hordaland har presentert få argument for den valde traseen. Det einaste udiskutable er at løysinga med monsterbru over Bjørnafjorden vil gjera reisetida mellom Bergen sentrum og Stord, Haugesund og Stavanger 10-12 minuttar kortare enn indre alternativ rundt fjordbassenget gjennom Tysnes og Fusa. Dette reknestykket er ein funksjon av lengda på reisestrekninga og kalkulert gjennomsnittleg fart på den nye vegen.

Det andre argumentet – som Tom Christer Nilsen poengterte på informasjonsmøtet i Oseana – er at netto CO2 utslepp vil bli merkbart redusert når Hordfast vert realisert. Dette er eit langt meir diskutabelt argument ganske enkelt fordi mykje tyder på at mesteparten av både person- og godstransport langs veg vil ha null CO2 utslepp lokalt etter at monsterbrua er venta å stå ferdig ein gong midt på 2030-talet. Ei marginal lengre reisetid vil dermed ikkje ha stort å seia for CO2 rekneskapen.

Eit tredje argument som brutilhengjarene har forsøkt seg med, er at bru over Bjørnafjorden vil gje dei som bur på Søre Neset grenda si attende som følgje av at ferjetrafikken vert historie. Dette har ikkje noko med traseval å gjera, all den tid ferjene vil bli overflødige på same vis anten ein realiserer Hordfast med bru over fjorden eller rundt fjordbassenget. At strategien med å realisere Hordfast med bru over Bjørnafjorden no syner seg å ta langt meir tid å realisera enn opplyst i 2012 (ferdig innan 2026), medfører at busette på Søre Neset må leva med plagene frå ferjetrafikken i mange fleire år enn det som ville vore tilfelle om kreftene hadde vore sette inn på føra E39 gjennom Tysnes og Fusa i staden for over fjorden.

Dermed står eg att med berre å sjå eitt gyldig argument for monsterbru over Bjørnafjorden: Den kortaste reisetida mellom Os og Stord.

Når vi no står framfor eit viktig stortingsval, vil det vera av stor interesse å få eit klart svar på følgjande spørsmål frå kvar av dei tre som representerte brutilhengjarene på informasjonsmøtet i Oseana den 11. mai: Tom Christer Nilsen, Signe Eikenes og Marie Bruarøy.

Ut over kortare reisetid når vi skal sørover, kva andre føremonar representerer bru over Bjørnafjorden for oss som er busett i Os?

Ver snill og la oss få ærlege og opplysande svar på dette enkle, men viktige spørsmålet!

Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Klikk for å sjå kommentarar ()