(
(

Kvinne påkøyrd då ho kryssa vegen

Byvegen ved Storestraumen er på versting-liste av veg-strekk kor det skjer flest ulukker. Ulukka i dag tidleg er den femte med personskade på fem år ifølgje Bergens Tidendes si oversikt.

– Rett etter klokka 06.00 tysdag morgon blei ei kvinne køyrd til Haukeland etter at ho blei påkøyrd då ho kryssa ein fotgjengarovergang på Søfteland. Vi har oppretta sag og beslaglagt førarkortet til ein mann i 60-åra. Vi har også teke inn bilen som var involvert i hendinga for nærare undersøking, fortel politioverbetjent, Rune Fimreite.

Blant dei 20 farlegaste

Bergens Tidende føreroversikt over kor det skjer ulukker i Hordaland. På lista over dei 20 farlegaste stadene på vegane i Hordaland finn vi Byvegen ved Storestraumen. I oversikta står det at i juni 2013 køyrde ein ATV utfor vegen i området. Ein person lettare skada. I oktober same år, blei tre personar lettare skada etter at ein bil blei påkøyrd bakfrå. I mai 2017 var det ein bil som køyrde utfor vegen, noko som medførte lettare skade for ein person. I september same år velta ein moped i køyrebanen og føraren blei lettare skada.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser etter ein raud BMW

Dei siste dagane har politiet i Os fått fleire meldingar om ein raud BMW som køyrer fort og uvettig.

– Vi har fått fleire tips og er på utkikk, seier Fimreite.