Valforskar, statsvitar og historikar Frank Aarebrot er klar på at brua over Bjørnefjorden er eit «must» for at Os ikkje skal bli ei sovebygd sør for Bergen.
Valforskar, statsvitar og historikar Frank Aarebrot er klar på at brua over Bjørnefjorden er eit «must» for at Os ikkje skal bli ei sovebygd sør for Bergen.

– Kysten er framtida. Skal Os vera med, må det bli via Hordfast

Valforskar og rikssynsar Frank Aarebrot er klar i sin tale. Utan Hordfast hamnar Os i bakevja. Aarebrot er berre ein av mange me møter i Os&Fusa TV si nye storsatsing - dokumentarserien «Typisk Os». Sjå smakebit her!

– Om protestane mot Hordfast og kyststamvegen mellom Tysnes og Os når fram, vil Os hamna i bakevja. Då vil Os bli ein blindveg på lik linje med Vik i Sogn og Fjordane utan tunellen under Vikafjellet, seier Aarebrot.

7 episodars dokumentar

Det er i samband med denne haustens dokumentar-satsing at Os&FusaTV har prata med den karakteristiske valforskaren, historikaren og rikssynsaren frå Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frank Aarebrot er ein av svært mange som som me får møta i den nye programserien. Me har prata med politikarar, barnefamiliar, bruforkjemparar, ungdomar og tilflyttarar. Alt for å få fram historia om Os, kvar er me og kvar skal me?

Storsatsinga vert lansert no på søndag og vil gå over sju episodar. Dokumentar-serien har fått namnet «Typisk Os - ei bygd, ein veg» og blitt i stand med støtte frå Medietilsynet.

– Dette er eit prosjekt som me har jobba med over lengre tid og er veldig stolte av. Ole Reinert Berg-Olsen har regien og frå redaksjonen har særleg Kenneth Svenningsen bidrege. I tillegg har journalistanes bidrag til OsogFusaTV gjennom halvtanna år, vore flittig brukt, fortel redaktør Josten Halland.

Programserien dreg historiske linjer til Os sitt opphav, og belyser kven osingane er og kvar me kjem frå. Vidare tek programserien for seg kvar Os står i dag, i brytninga mellom bygd og by, og ikkje minst kvar vegen går vidare.

Her er både tilflytting, ungdom, politikk, samanslåinga med Fusa, næringsliv, kulturtilbod og sjølvsagt brua over Bjørnefjorden sentrale tema.

Brua er viktig

Under opptaket med Aarebrot som vart gjort på Solstrand Hotel & Bad, kjem naturleg nok også professoren inn på diskusjonen kring brua, og dei sterke protestane som er.

– Folk må få lov til å protestera, men om ein skal koma vidare her i livet, må alltid nokon lida. Det er betre at ein tek omstillinga no og ikkje om 20 år. I alle høve for Os sin del.

– For du trur Os-bygdas eksistens kvilar litt på den brua?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, om Os skal halda fram å utvikla seg, ha befolkningsvekst og arbeidsplassar, så må Os inn som ei perle på dette perlekjedet av stamveg langs kysten.

– Og om brumotstandarane får viljen sin?

– Ja, då må de byggja ganske mange Tusenfryd, badeland og liknande om folk skal ta seg bryet med å turen ut på blindvegen mot sør i Os, seier Aarebrot.

Gullkyst som California

Aarebrot meiner at kysten er framtida i Noreg. Innlandet og bygdene i fjordarmane vil få det langt tøffare.

– I så måte synest eg det er rart at Os kommune vil slå seg saman med Fusa. Eg er redd for at Fusa berre blir eit lodd på foten til Os. Os i seg sjølv er i grunnen ein stor nok kommune til å stå åleine. Fusa derimot burde gått i lag med Tysnes og danna ein storkommune nord for Kvinherad, seier Aarebrot.

Om ein ser 20-30 år fram i tid meiner han det meste vil handla om kommunikasjon og nærleik.

– Sjå på California-kysten. Der fungerer det. Det er ingen som bryr seg om kva by som er størst eller viktigast. Der ligg byene som perler på ei snor, nær samanknytt av eit solid kommunikasjonsnett av bruer og gode vegnett. California går så det suser. Det er ein atraktiv plass for folk å busetja seg der. Ikkje berre fordi det er fint og vakkert, men fordi det finst eit rikt næringsliv og mange arbeidsplassar langs heile gullkysten, seier Aarebrot.

Nokon blir missnøgde

– Men kva med ivaretakinga av kysten og kystkulturen i Os?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ting endrar seg. Det er alltid slik at nokon blir misnøgde, men Terje Søviknes skjønte dette tidleg. For Os som bygd er Hordfast einaste rette veg å gå. Til å vera Frp-mann har han i grunnen skjønt mykje, humrar valforskaren.

Ny episode kvar søndag

Frank Aarebrot er sjølvsagt ikkje den einaste som får uttala seg kring stoda i Os i dag og kvar vegen bør gå i framtida. Både ungdomen, barnefamiliar, tilflyttarar, fusingar og bruforkjemparar bidreg til det me vonar vert ein interessant og dagsaktuell programserie frå Os&FusaTV.

Følg med utover hausten. Me slepp ein ny episode kvar søndag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no