- Eg gler meg veldig til å vera jobbskyggen til Hans Henrik Scheel. Spesielt spennande er det å følgja og få eit innblikk i finansråden sin kvardag og få oppleva kva utfordringar han støter på i løpet av ein arbeidsdag, seier Hadler-Olsen til Ungt Entreprenørskap sine heimesider.

Leiartalentet Lars Hadler-Olsen inntar finansdepartementet

Osingen og dagleg leiar i suksessverksemda Russehuset, Lars Hadler-Olsen, er ein av 26 leiartalent som er plukka ut frå heile landet til å skygga kvar sin toppleiar.

For 16. gong vert «Leder for en dag» arrangert i regi av Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup. Målet er at dei unge skal få ein sterkare relasjon til arbeidsmarknaden, og næringslivet og leiarane sjølve kan få verdifulle innspel frå dei som skal skapa framtidas arbeidsplassar.

Lars Hadler-Olsen blir finansråd for ein dag når han torsdag skal skygga finansdepartementets administrative leiar. finansråd Hans Henrik Scheel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg gler meg veldig til å vera jobbskyggen til Hans Henrik Scheel. Spesielt spennande er det å følgja og få eit innblikk i finansråden sin kvardag og få oppleva kva utfordringar han støter på i løpet av ein arbeidsdag, seier Hadler-Olsen til Ungt Entreprenørskap sine heimesider.

Han fortel at han har gjort seg mange nyttige erfaringar som leiar av ungdomsbedrifta Russehuset UB og han håpar han kan bidra med nokre innspel i løpet av dagen.

Hadler-Olsen vart dagleg leiar i «Russehuset UB» i skuleåret 2017/18. Verksemda driv han i lag med Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Harry Moore og Alexander Tøssebro.

Under fylkesmessa i Hordaland 2018 drog Russehuset heim med heile fire prisar.

jostein@osogfusa.no