annonse

Lesarbrev: Det sterkaste treet veks ikkje der det er vindstille

Alltid lys:
Alltid lys: Det er velkjent at lyset på kontoret til Aina brenn frå tidlig morgonstund til sein kveld, og at det aldri er stengt. Du er utprega serviceinnstilt og tek deg alltid tid til dei som bankar på, anten det no er ein utbyggar som treng råd og hjelp, eller ein av dine tilsette som treng faglege råd og støtte. (Foto: Arkiv)

Like før påske pakka kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune, Aina Tjosås, saman på kontoret sitt etter vel 5 års teneste. Aina sin avgang kom brått på. Tilsette vil med dette nytta høvet til å takka henne av, som den kjære og høgt respektert leiaren ho er.

På kontoret ditt i rådhuset på Osøyro har du hengande eit lite treskilt med utskorne bokstaver der det står: Det sterkaste treet veks ikkje der det er vindstille. Vi veit at du ein gong fekk dette skiltet av ein kollega, som honnør for din standhaftige og utrøyttelege innsats i den krevjande rolla som kommunalsjef. Dette skiltet passer svært godt til deg. Vi som dagleg er innom kontoret ditt i store og små ærend, har kome til å sjå på det som eit symbol for det du står for som leiar.

Det som først kjenneteikner deg som kommunalsjef er stor arbeidskapasitet og ukueleg innsatsvilje i teneste for Os kommune sine innbyggjarar og næringsliv. Det er velkjent at lyset på kontoret til Aina brenn frå tidlig morgonstund til sein kveld, og at det aldri er stengt. Du er utprega serviceinnstilt og tek deg alltid tid til dei som bankar på, anten det no er ein utbyggar som treng råd og hjelp, eller ein av dine tilsette som treng faglege råd og støtte. Denne kombinasjonen av høg arbeidsmoral og medvite nærvær er noko av det vi vil sakne mest.

I di tid som kommunalsjef har du samla eit breidt og komplekst fagfelt, som femner om områda plansak, byggesak, kart og oppmåling, tekniske tenester og landbruk, til ei samansveisa og vel fungerande eining. Du har etablert ein flat struktur med fleire nye møteplassar for samhandling mellom dei ulike fagfelta og myndigheitsområda, og korte kommandoliner mellom topp og botn. I dette arbeidet har du vist deg som ein visjonær organisasjonsstrateg som evner å forstå kompleksiteten i ein moderne kommune og leia organisasjonen inn i ei ny tid. Du pleier å spøke med at det er bakgrunnen din som sydame, som gjer at du har evna å tråkle saman eit så mangfaldig fagområde, som sysselset mange personar. Vi trur det like gjerne er bakgrunnen som bygningsingeniør med master i universell utforming og dine personlege eigenskaper, som bidreg til at du evner å forstå komplekse strukturar på ein måte som fører til utvikling og innovasjon. Innspela dine til dette vil komme til nytte når Os kommune skal slå seg saman med Fusa og finna ein vel fungerande organisasjonsmodell for den framtidige Bjørnafjorden kommune.

Os kommune er ein av landets raskast veksande kommunar, og i 2022 vert reisetida til Bergen halvert. Det gjer at kommunen må jobbe kontinuerleg med samfunnsutviklingsfeltet, for å kunna halda tritt med veksten og kunna tilby innbyggjarane kommunale tenester som er på høgda med dagens forventningar til ein attraktiv og profesjonell kommune. I dette arbeidet lykkast du godt. Du utfordrar ikkje berre leiarane på oppdatering av kunnskap og høg effektivitet, men du gjer kvar einskild tilsett i organisasjonen ansvarleg for å bidra til å skapa gode tenester i sin kvardag i arbeid for Os sine innbyggjarar. Som alltid har du eit glimt i auget når vi står overfor noko nytt og utfordrande: Dette har vi aldri gjort før, så dette er me sikkert gode på, denne gongen med Astrid Lindgren si Pippi Langstrømpe sine ord. Du står sjølv fram med stor fagleg tryggleik og innsikt, samstundes som du gjer kvar og ein av dine tilsette stort handlingsrom. Det gjer at samfunnsutvikling under deg står fram som ei eining med høg fagleg integritet, ein effektiv og framtidsretta tenesteleverandør og er ein inspirerande og utviklande arbeidsstad.

Du fyller rolla som kommunalsjef med stor medmenneskelegheit, omsorg og varme.

Midt i den komplekse kvardagen som sjef for eit stort og bredt fagområde, ser du òg enkeltmennesket i kvar av oss, og tar deg tid til å vera til stades i smått som stort. I arbeidet med kommunesamanslåinga, som inneber store omveltningar, trekkjer du alle dine tilsette inn i utviklingsprosessane og sørger for at kvar einskild vert myndiggjort og får bidra i diskusjonen om framtidig organisasjon og tenester. Det gjer at dei tilsette kjenner seg myndiggjort og vert lojale til prosessane. Vi vil særleg trekkja fram innsatsen for eit godt arbeidsmiljø. Du minner oss på at det er viktig å setja av tid til å prioritera det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, midt i den travle kvardagen med mange og ofte presserande oppgåver. Dine tilsette erfarer at du har ektefølt omsut for dei, og er ei borg som trygger og vernar dei i arbeidskvardagens små og store utfordringar. Du er rask i replikken og har glimt i auget, og har ein særegen lun humor. Sunnfjordsdiktaren Fridtjof Urdal vert ofte sitert når endringsarbeidet rundt det å bli ein ny kommune er utfordrande: Det er så mykje å vera arg for, ein når ikkje over alt! Låtten sat alltid laust rundt deg og du spreidde latter og trivsel på arbeidsplassen.

Tilsette i Os kommune takker deg for lærerike, produktive, gode år i samarbeid for innbyggjarar og næringsliv i Os kommune. Leiarskapet ditt er eit førebilete for alle. Du syner organisasjonen veg med stor fagleg integritet, men samstundes med pragmatisk handlekraft. Du femner om eit stort og spreitt fagområde, men ser samstundes kvart enkelt menneske i deira arbeidskvardag. Du er ein visjonær organisasjonsutviklar, samstundes som du sørger for å halda den daglege tralten i gang, så innbyggjarane i Os får vatn i springen, snø av vegen, tomt til husa sine og trygg skuleveg til ungane. Du minner oss alltid på at vi må setja brukarane i sentrum og sjå enkeltmenneska vi tener i kvardagen, slik at vi bidrar til å realisere Os kommune sin visjon om ”livskvalitet for alle”. Ein kommune der innbyggjarar, næringsliv og tilsette har ein god kvardag og eit meiningsfullt og trygt liv og virke.

Når du no dreg vidare, ønskjer vi deg all lukke til på ferda. Du får med deg eit sitat få ei klok dame vi kjem til å sakna, nemleg deg sjølv. For ditt omkved i lys av endringar var støtt: Dette kan fort gå bra. Og med det seier vi takk for følget.

Tilsette

Os kommune

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut