Dei siste kommentarane frå Fusa si side om tolkinga av logoen i det nye kommunevåpenet er ikkje heilt utan historisk relevans.
Dei siste kommentarane frå Fusa si side om tolkinga av logoen i det nye kommunevåpenet er ikkje heilt utan historisk relevans.

Lesarbrev: Foreslår ei viktig endring på det nye kommunevåpenet

Den som har utforma logoen har gjort eit fint formgjevingsarbeid. Berre på eitt punkt stussar eg litt, skriv Nils Georg Brekke.

Det er med stor interesse vi har kunna følgja diskusjonen omkring det nye kommunevåpenet for Bjørnafjorden kommune. Dette er eit «varemerke» som skal følgja den nye kommunen, og det er naturleg at symbolinnhaldet er noko mange blir opptekne av.

Dei siste kommentarane frå Fusa si side om tolkinga av logoen i det nye kommunevåpenet er ikkje heilt utan historisk relevans. På 1800-talet var Fusa og Os økonomisk likeverdige bygder. Nokre av dei beste jordbruksbygdene på Vestlandet låg i Fusa, og historisk er det slik at Os var ei bygd med små gardar og mange attåtnæringar gjennom handverk som til dømes båtbygging, medan dei gode gardane med stor skog låg i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er i oljealderen og bilens perspektiv at tilflyttingsbygda Os tilfeldigvis er blitt liggjande «midt i trafikken» og kan bokføra store overskot, medan fråflyttingsbygdene i Fusa har ein tyngre økonomi. Men historisk er det jordbruket, fisket og handverket som har skapt verdiane i Bjørnefjordsbygdene.

Som gamal historikar og heraldikar vil eg tillata meg ein kommentar frå sidelina til det nye kommunevåpenet. Den som har utforma logoen har gjort eit fint formgjevingsarbeid. Dette er i samsvar med heraldikkens grunnreglar - farge på metall eller metall på farge - og det har ei elegant forenkling. Berre på eitt punkt stussar eg litt, og det gjeld fargevalet. Ved å nytta gult på båten og havbåra, har ein måtta ta ein ekstra runde for å halda avstand til dei svenske flaggfargane. Skal vi la assosiasjonane sviva, er gjerne «havets gull» ein nærliggjande metafor for dagens utforming av våpenet, og i vår tid blir dette uttrykket ofte brukt om olja. Men den mest nærliggjande metaforen er «havets sølv».

Både båten og havet er på det næraste knytt til denne metaforen, som uttrykkjer dei verdiane som historisk ligg i silda og sildefisket. Derfor er det mitt forslag at ein tar inn sølvfargen i kommunevåpenet og kjem heilt på linje med historia».

Nils Georg Brekke