annonse

Lesarbrev: Likskap for lova?

Se for deg dette
Se for deg dette: Osbygda har ingen belasta område, men sefor deg at eit brotsverk utført i Os sentrum skal straffast hardare enn i resten av bygda. (Foto: )

Se for deg at det skal løne seg å reise til Nore Neset for å rane nokon, samanlikna med å utføre det same brotsverket i Os sentrum.

Dobla straff for dei som utfører visse kriminelle handlingar i eit belasta område, lokka Jon Engen-Helgheim og Sylvi Listhaug i eit uhemma velgjarfrieri framfor Frp sitt landsmøte denne veka.

Er gjerningsmannen i tillegg ansett for å vere gjengkriminell, ventar fire gonger så kraftig straffereaksjon frå det offentlege, dersom dei to partitoppane får gjennomslag for ideane sine.

I Aftenposten 29.april framhever dei to, ikkje uventa, Oslo Aust generelt, med bydelen Holmlia, kjent for låg levestandard og høg andel av innvandrarar, spesielt, i tillegg til Oslo sentrum, som område der det skal “koste meir” å tagge, drive hærverk, stjele, rane, gå med våpen, eller selge narkotika m.m.

Det er nok ikkje mogleg å overføre desse tankane til heimlege trakter, Osbygda har ingen belasta område med utprega gjengkriminalitet, men se likevel for deg at eit brotsverk utført i Os sentrum skal straffast hardare enn i resten av bygda.

Se for deg at det skal løne seg å reise til Nore Neset for å rane nokon, samanlikna med å utføre det same brotsverket i Os sentrum. Se for deg at det skal vere halv straff for å selge narkotika i Halhjemsmarka samanlikna med å deale på Osøyro.

For i praksis betyr dette strafferabatt dersom brotsverket vert utførd i eit område med låg kriminalitet, eller høgare levestandard, om du vil. Den ultimate strafferabatten blir gitt til den som heller ikkje er med i ein gjeng når han taggar, ranar eller sel narkotika.

Men tilbake til dei som eventuelt kjem til å få skjerpa straff. 2. april i år skreiv VG i artikkelen «Norske fanger er blant Europas dyreste» at eit døgn i norsk fengsel i gjennomsnitt kostar samfunnet 2700 kr. Her er det berre å finne fram kalkulatoren. Eit brotsverk som i mindre utsette strøk kvalifiserer til seksti dagar bak lås og slå, blir fort hundre og tjue dagar bak murane om det er utført i eit belasta område. Er gjerningsmannen gjengmedlem må vi multiplisere med to nok ein gong.

Korleis Frp skal finansiere denne budsjettposten utan bompengar eller skatte- og avgiftsauke, vel, det er det berre Helgheim og Listhaug som veit.

I Miljøpartiet dei Grøne tuftar vi politikken vår på likeverd og likskap for lova. Kva vel du?

Geir Fossåskaret

Styremedlem

Miljøpartiet dei grøne Bjørnafjorden

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut