Sanninga er at Høgre/Frp i denne saka ikkje berre vil auka bompengebelastinga på folk, dei er desperate etter å få bru-prosjektet gjennom.
Sanninga er at Høgre/Frp i denne saka ikkje berre vil auka bompengebelastinga på folk, dei er desperate etter å få bru-prosjektet gjennom.

Lesarbrev: Når ein dårleg idé vert endå dårlegare

Frp grin seg til bompengar og posisjonen i Os er blant dei mest aktive for å få bygd ei naturøydeleggjande bru inn over kommunen, skriv Glenn Erik Haugland (V).

Eg vert alltid forundra når politikarar snakkar som om ikkje folk hugsar. Folk hugsar at ordfører Søviknes saman med varaordførar Bruarøy lova at Søre Øyane skulle vernast mot bru over Bjørnafjorden. Folk hugar at Høgre lova å arbeida for E39 over Tysnes og Fusa, indre trasé. Folk hugsar også at når politikarar snakkar som om folk ikkje hugsar, så svekker det tilliten til politikken.

No seier H og Frp at ei bru med ilandføring i Øyane ikkje vil verta det inngrepet ein har frykta. Det vert gjentatt på inn- og utpust at vedtaket er gjort, og at det ikkje nyttar med «omkamp». Det vert sagt at det no er om å gjera å få best mogleg løysing for Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingenting av dette er rett.

Statens Vegvesen har gjort det klart at ei bru i Øyane vil verta eit like stort inngrep som det vi som kjempar i mot alltid har hevda. Stortinget har enno ikkje vedtatt å byggja monsterbrua, og for kvar gong det kjem ein ny plan for Hordfast, kryp brua nærare og nærare inn på dei som bur langs med Bjørnafjorden. Kva vert det neste osingane må innfinna seg med? At tunellen under Lepsøy kjem opp nærare Hagevik og raserer buområdet ved Solbakken? At det ikkje er pengar til støyskjerming mot bu-området i Øyane? At støyen frå E39 vil få større konsekvensar for folk på Kuventræ enn først antatt?

Folk hugsar at H og Frp i Os nærast motvillig til slutt gjekk inn for ei bru over Bjørnafjorden. No veit vi at alt dette har vore politisk skodespel. For no handler det om å få bygd brua så fort som mogleg. Det handler om å pusha fram byggestart og det handlar om å førehandsinnkrevja bompengar for å sikra at det vert bru over Bjørnafjorden.

Det er noko heilt anna enn det vi har høyrd før frå Frp og Høgre. Tyrsdag 11. September handsama formannskapet i Os spørsmålet om bompengar på ferjene over Bjørnafjorden. Med stemmene frå Frp og dobbelstemma til møteleiar frå Høgre vedtok formannskapet å innføra førhandsinnkrevjing av bompengar til eit luftslott. Politikarane frå Frp og Høgre vrei seg og klaga og mumla om kompromiss, at ein følte seg tvinga og at det eigentleg er andre parti som ber ansvaret.

Sanninga er at Høgre/Frp i denne saka ikkje berre vil auka bompengebelastinga på folk, dei er desperate etter å få dette gjennom. I fylkestinget er Frp så desperat at dei faktisk står heilt åleine om å skyta pengar inn i Hordfast AS.

Det begynner å likna absurd teater. Frp grin seg til bompengar og posisjonen i Os er blant dei mest aktive for å få bygd ei naturøydeleggjande bru inn over kommunen. Kanskje det hadde vore på sin plass med eit manus frå ein ordentleg dramatikar, Henrik Ibsen, i staden for dette svake skodespelet: «Hvor utgangspunktet er galest, blir titt resultatet originalest».

Glenn Erik Haugland

Leiar

Os Venstre