For n’te gong har Os Frp teke med seg politiske autoritetar frå hovudstaden for å forsikra oss om at det uansett vert bru over Bjørnafjorden, - det er berre usikkert når bygginga kan ta til. Men er ein reduksjon i innspart køyretid mellom Bergen og Stavanger frå to timar til 1 time og førtifem minutt verdt det vi går glipp av når de tviheld på Hordfast over Bjørnafjorden?
For n’te gong har Os Frp teke med seg politiske autoritetar frå hovudstaden for å forsikra oss om at det uansett vert bru over Bjørnafjorden, - det er berre usikkert når bygginga kan ta til. Men er ein reduksjon i innspart køyretid mellom Bergen og Stavanger frå to timar til 1 time og førtifem minutt verdt det vi går glipp av når de tviheld på Hordfast over Bjørnafjorden?

Lesarbrev: Ny samling i botn for Framstegspartiet i Os?

Skal tru om samferdsleministeren er klar over at heile Hordfast kan realiserast til halve prisen samstundes som vi knyt den nye Bjørnafjorden kommune saman med ein ny firefelts veg mellom Svegatjørn og Eikelandsosen, undrar Egil Haugland.

For n’te gong har Terje Søviknes og Gustav Bahus teke med seg politiske autoritetar frå hovudstaden for å forsikra oss om at det uansett vert bru over Bjørnafjorden, - det er berre usikkert når bygginga kan ta til. Ifølgje samferdsleministeren er kostnadene (33 milliardar) framleis for høge og ein periode med bompengar utvida frå 15-20 år til 40 år er urealistisk, seier han.

Skal tru om samferdsleministeren er klar over at heile Hordfast kan realiserast til halve prisen samstundes som vi knyt den nye Bjørnafjorden kommune saman med ein ny firefelts veg mellom Svegatjørn og Eikelandsosen og i tillegg legg grunnlaget for ein rask og trygg veg mellom aust og vest over Haukelid i same slengen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her følgjer føresetnadene for reknestykket mitt (prisnivå 2018):

Investeringskostnader

Hordfast over Bjørnafjorden er ifølgje Statens Vegvesen (SVV) no kalkulert til 33 milliardar kroner med ein usikkerheit på +/-40%. Basert på at det aldri er bygd ei tilsvarande bru noko sinne, vel eg å leggja til 20% i prosjektoverskriding før Hordfast mellom Os og Stord med bru over Bjørnafjorden er ferdigstilt. Ny pris vert dermed 40 milliardar, og sjølv det er optimistisk, vil eg påstå. Når SVV framleis arbeider for å få kalkylen lågare, har eg skjønt at det mellom anna er tale om førebels å byggja ein tofelts veg over Stord og kan henda mellom Svegatjørn og Liafjellet. I så fall er det meir tale om ei utsetjing av delar av prosjektet,- ikkje ein reduksjon av kalkylen for fullført Hordfast.

Basert på SVV sine oppdaterte prisar for bygging av veg, tunnel og bru vil ein alternativ Hordfast via Fusa med ein kombinasjon mellom to- og firefelts veg frå Eikelandsosen til Stord koma på 20,5 milliardar kroner. Heile denne strekkja kan byggast med kjent teknologi, noko som bør sikra gjennomføring raskt og med større tryggleik mot overskriding av kostnadskalkylen enn Hordfast over Bjørnafjorden.

Hordfast via Fusa knyt i tillegg den nye Bjørnafjorden kommune saman utan trong for ny fylkesveg med bru over Samnangerfjorden, samstundes som ein firefelts E39 mellom Svegatjørn og Eikelandsosen legg eit godt grunnlag for at bergensområdet kan få ein ny og langt sikrare veg til Austlandet med E134 over Haukelid.

Lånebehov

Eg legg følgjande føresetnader til grunn:

Del av investering dekt med bompengar: 50%

Rente for byggjelån i anleggsperioden (2025-35): 3%

Rente for lån i ein periode på 15 år (2035-50) for bompengar: 4% (medrekna kostnader for administrasjon av innkrevjing av bompengar)

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkvekst i samsvar med oppdatert modell brukt av SVV (Føresetnad. Ingen bompengar)

Redusert trafikk i perioden med bompengar: 15% med sats på under kr 400, 25% med sats over kr 400.

Dette fører til følgjande finansieringstrong for perioden på 15 år med bompengar:

Hordfast over Bjørnafjorden: 30 milliardar kroner

Hordfast via Fusa: 15.4 milliardar kroner

Sats for bompengar (gjennomsnitt for alle køyrety):

Hordfast over Bjørnafjorden: kr 562

Hordfast via Fusa: kr 311

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er det viktig å ta høgd for at SVV sin modell for trafikkvekst byggjer på historiske data. Det er mykje som kan tyda på at vegtrafikken ikkje vil auka like raskt i framtida som tilfellet har vore fram til no. I så fall vil utgiftene som skal betalast med bompengar måtte fordelast på færre køyrety, med det resultat at sats for bompengar vert høgare enn vist her.

Det er i tillegg rett å minna om at bompengar for Hordfast kjem i tillegg til bompengar for Svegatjørn-Rådal og for Rogfast i Rogaland for dei som skal køyra mellom Bergen og Stavanger.

I tillegg er det trong for nye tunnelar under Hardangerfjorden og utviding frå to til fire køyrefelt mellom Stord og Haugalandet. Også her vert det sikkert nye bomstasjonar.

Med bompengar i 40 år

Med same føresetnader som over og med fortsatt høg trafikkvekst etter år 2050, vil sats for bompengar kunne reduserast frå kr 562 til kr 241.

I så fall må bilistane betala heile 48,8 milliardar kroner i bompengar for Hordfast i ein periode på 40 år frå 2035.

Med Hordfast via Fusa vert rekninga til bilistane på samla 15,4 milliardar kroner i ein periode på 15 år frå 2035.

Spørsmål til Terje og Gustav

Kva er grunnen til at de vil tvihalda på Hordfast over Bjørnafjorden og påføra bilistane ei ekstrarekning på nær 1 milliard kroner i året i ein periode på 15 år samanlikna med kva tilfellet kan bli med Hordfast via Fusa?

Kvifor seier de nei til å få eit nytt firefelts samband mellom Svegatjørn og Eikelandsosen når dette kan bli ein del av Hordfast?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ville det ikkje vera fint om både E39 og den framtidige hovudvegen mellom Bergen og Austlandet (E134 over Haukelid) begge går gjennom nye Bjørnafjorden kommune?

Er ein reduksjon i innspart køyretid mellom Bergen og Stavanger frå to timar til 1 time og førtifem minutt verdt det vi går glipp av når de tviheld på Hordfast over Bjørnafjorden?

Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden