Denne lista vart lagt ut på Fylkesmannen sine heimesider i slutten av oktober. Ho viser tal personar som har fått innvilga langtidsopphald, men bur mellombels i korttidsplass. Talet personar som har fått innvilga langtidsopphald, men framleis bur i eigen heim i Os, er fem.
Denne lista vart lagt ut på Fylkesmannen sine heimesider i slutten av oktober. Ho viser tal personar som har fått innvilga langtidsopphald, men bur mellombels i korttidsplass. Talet personar som har fått innvilga langtidsopphald, men framleis bur i eigen heim i Os, er fem.

Lesarbrev: Ordførar utan peiling på eldreomsorg?

Som pårørande til ei gamal mor, var det med gru og stigande undring eg las ordførar Terje Søviknes sine påstandar om eldreomsorga i Os i BA, skriv Truda Lyssand Lunde.

- Vi har ikkje sjukeheimskøar, alle som treng det får plass, påstod ein kry ordførar på Lurane.

Realiteten kjem likevel for ei dag. Ein ordførar må undersøkja saka før han ropar høgt ut i media.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje plass til eit menneske til på Lurane slik dupresenterer i BA. Mor fekk innvilga omsorgsplass av Os kommune i mai, med lovnad om at i august ville det ordna seg. 12. oktober vart mor akutt innlagt på Haukeland grunna manglande ressursar som førte til feil og manglande omsorg.

Etter 17 dagar ligg mor framleis på Haukeland, åtte dagar etter ho vart utskriven, grunna manglande plass i Os kommune. Dette burde ordføraren vita, om ikkje anna enn fordi det kostar kommunen dyrt å leiga ei seng på Haukeland.

Og mor er ikkje åleine! Ei undersøking frå Fylkesmannen viser at Os tronar på ventelistetoppen, også over Bergen. Som pårørande er det tøft, men mine tankar går også til dei flotte menneska i heimesjukepleien som trass i små ressursar og for få hender, gjer ein fantastisk jobb. Det er desse som kvar dag må stå i det og møta fortvila brukarar, medan vi har ein ordførar som står og skryter uhemma i media.

Ein kan lura på om Søviknes rett og slett ikkje har peiling på eldreomsorg?

Truda Lyssand Lunde