annonse

Lesarbrev: Senterpartiet eit særs godt alternativ

Tli rådvelde
Tli rådvelde: Frustrasjonen min over Frp-politikken i Plan- og bygningsutvalet har vore stor i mange år. Eg stilte meg derfor til rådvelde for Senterpartiet.

Det er vemodig at Tverrpolitisk Samlingsliste ikkje stiller liste i Bjørnafjorden.

Kjære vener av Tverrpolitiske Samlingsliste og andre. Kommunevaldagen nærmar seg. Det er noko vemodig at TvS ikkje stiller med ei valliste denne gongen. Styret og årsmøtet vart tidleg einige om ikkje å stilla valliste i Bjørnafjorden kommune.

Det mykje omtala møtet i Plan- og bygningsutvalet i Os kommune i juni 2018, fekk fram ein ny gnist i meg. Eg vart oppgitt over Frp/H i samband med prosessen med arealplanen. Det medførte at eg valde å stilla meg til rådvelde for politikken igjen. Gjerne vera med å utvikla Bjørnafjorden kommune til ein god kommune å bu og leva i.

I tillegg har frustrasjonen min over Frp-politikken i Plan- og bygningsutvalet vore stor i mange år. Eg stilte meg derfor til rådvelde for Senterpartiet. Fram til 1.1.2020 skal eg gjennomføra mi representasjons plikt for TvS i Os kommunestyre og Plan- og bygningsutvalet i Os.

Kvifor valde eg akkurat Senterpartiet? Sp i Os har over tid, vore ein av fleire gode og respektfulle samarbeidspartnarar i politikken i Os. Spesielt var synet på utviklinga av Os og arealplanlegginga i sær, men også verdiane til Sp, avgjerande. Det er nok å nemna «Nærpolitireforma». Eg har sett kort godt Senterpartiet har tilrettelagt for innbyggarane i Fusa. For underteikna vart det derfor eit enkelt og sikkert val.

TvS og representantane frå Senterpartiet har hatt eit godt, respekt- og tillitsfullt samarbeid i denne kommunestyre perioden.

Vi treng eit skifte frå politikken i Os. Harald Lekven er ein strålande og samlande kandidat som ordførar i den nye Bjørnafjorden kommune, sjølv om det er politikken som er viktigast - ikkje posisjonane. Senterpartiet er i sentrum av den politiske arenaen, også i Os. Eg kjenner meg igjen i den posisjonen. Mi oppleving, er at Sp ikkje bør levera frå seg forhandlingskort før valet er unnagjort. Ingen veit korleis valresultatet vert. Det gjorde heller ikkje TvS i si tid.

Ønskjer du verkeleg ei endring frå politikken i Os, stem for eit sterkt Senterpartiet.

For meg var valet enkelt. Eg har mest tillit til Senterpartiet sin politikk og verdiar, ikkje minst med tanke på å ta heile Bjørnafjorden i bruk. Håper fleire både i og utanfor TvS gjer det same.

Senterpartiet er eit særs godt alternativ.

Godt val.

Terje Sperrevik

4. kandidat

Senterpartiet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut