Martine Frotveit Johnsen (17) tok seg vidare i Idol fredag og er no blant dei 30 beste u konkurransen.
Martine Frotveit Johnsen (17) tok seg vidare i Idol fredag og er no blant dei 30 beste u konkurransen.

Martine blant dei 30 beste i Idol

Martine Frotveit Johnsen (17) tok seg vidare i Idol. Det gjorde derimot ikkje Ada Keita Hansson (25) og Christoffer Leikvoll Storvik (22).

Deltakarane blei delt inn i trioar fredag i andre av totalt fire dagar med bootcamp. Dommarane såg spesielt på korleis deltakarane klarte å samarbeida. Talet deltakarar blei redusert frå 60 til 30, og framleis har vi ein osing med i konkurransen.

Éin osing gjekk vidare

Martine Frotveit Johnsen danna trio saman med Rebekka Tonheim Nordvik og Viljar Røysi. Dei tre song Kongs Of Leon-låten «Sex On Fire». Frotveit Johnsen gjekk etter dette vidare til tredje dag av bootcampen, som bli vist på TV 2 onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christoffer Leikvoll Storvik song Ariana Grande-låten «Into You» saman med Emma Noor Løvslett og Gunn Marit Kvåle. Ada Keita Hansson danna trio saman med Lise Gartland og Matilde Akerø. Dei tre song Astrid S-låten «Think Before I Talk».