Vatn var nære ved å koma inn i trafokisoken ved Borgafjell barnehage laurdag kveld.
Vatn var nære ved å koma inn i trafokisoken ved Borgafjell barnehage laurdag kveld.

Måtte redda trafokiosk

– Det var ikkje langt unna at mange hus blei straumlause, fortel utrykkingsleiar i Os brann og redning, Gitle Smaadal.

Os brann og redning rykte saman med teknisk frå kommunen og BKK, ut til trafokiosken ved Borgafjell barnehage.

– Ei rist framfor eit rør hadde gått tett. Det gjorde at vatnet gjekk opp på bakken i staden. Det var ikkje langt frå at det kom inn i trafokiosken, men vi har fått reinska rista, så no går det bra, fortel Smaadal og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det hadde gått inn i trafokiosken måtte vi ha stengt straumen. Eg er ikkje sikker på kor mange som hadde blitt råka, men det er snakk om ein god del.

Måtte symja etter båten

Elles har det vore relativt roleg for brannvesenet. I alle fall med tanke på nedbøren som har kome sidan fredag kveld. Vakthavande ved Os brann og redning fortel at dei har fiska opp eit tre på 8–10 meter i Kuvågen.

– Vi fekk melding frå ein båteigar i natt om at han hadde vore på symjetur for å redda båten. Treet skal ha falle ned slik at fortøyinga til to båtar blei slitne, fortel vakthavande ved Os brann og redning.