Ein mann skal ha hatt høg fart ut av Os sentrum i natt. Vitne melde også at han var ein mogleg pirattaxi-sjåfør. (Arkiv
Ein mann skal ha hatt høg fart ut av Os sentrum i natt. Vitne melde også at han var ein mogleg pirattaxi-sjåfør. (Arkiv

Mistenkte pirattaxi-køyring

Ein mann i 40-åra blei stoppa i Lyseklostervegen i natt mistenkt for pirattaxi-køyring.

Klokka 03.00 natt til laurdag fekk politiet melding frå vitne om at ein mann hadde køyrd ut frå Os sentrum i høg fart, og at det var mogleg at han køyrde pirattaxi.

- Då politiet trefte på han, var han åleine i bilen. Mannen er ikkje meldt, men han fekk eit pålegg om å ikkje køyra til Os sentrum resten av natta, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på kvelden i går, 22.30-tida, blei ein mann i 20-åra bortvist frå Os sentrum.

– Vedkomande var godt overstadig berusa. Han blei sendt heim i taxi, og eit pålegg om å halda seg borte frå sentrum, seier Eidsnes.