Dagleg leiar i NOAH, Siri Martinsen, politimelde i går Os kommune.
Dagleg leiar i NOAH, Siri Martinsen, politimelde i går Os kommune.

NOAH politimelder Os kommune

Politiet har no fått det såkalla «svanedrapet» på sitt bord etter at Siri Martinsen i i NOAH går politimelde saka.

Siri Martinsen er veterinær og leiar for organisasjonen NOAH – for dyrs rettigheter. Politimeldinga vart levert til Vest politidistrikt tysdag kveld. Det er sjølve avlivinga organisasjonen reagerer på.

– Det er ikkje forsvarleg å avliva eit så stort dyr ved å slå det i hovudet. Særleg når alt låg til rette for at ein kunne ha nytta bedøving først, seier Martinsen til lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at dei ikkje er einige i sjølve avlivinga heller, og ville føretrekt at svana vart flytta.

– All den stund svana stadig blir utsett for plaging og konfrontasjonar ville nok det vore det beste. Det er rutine i fleire andre land å flytta eit dyr når det oppstår tilspissa situasjonar. Men prinsipielt meiner me at det skal vera mogleg å leva med ville dyr tett på. Det krev litt av oss, og me synest det er leit at me ser mindre av det, seier ho.

Har levert sju politimeldingar

Fung. ordførar Laila Reiertsen seier til lokalavisa at kommunen ikkje har fått politimeldinga i hende enno, og vil difor ikkje kommentera henne.

– For vår del har me også levert fleire politimeldingar av trugsmål til politiet. Eg personleg har levert sju politimeldingar, og Øystein Svalheim (landbrukssjef) og Marie Bruarøy vil politimelda det dei har fått, seier Reiertsen.

ol@osogfusa.no