Ole Reinert Berg-Olsen ser fram til nok ein gong å få «Tid for hjem»-gjengen til å fornya kjøkenet og stova.
Ole Reinert Berg-Olsen ser fram til nok ein gong å få «Tid for hjem»-gjengen til å fornya kjøkenet og stova.

Ny tid for «Tid for hjem»

10 år etter at Kjersti Bergesen & co rocka opp kjøkenet og stova, får Ole Reinert-Berg Olsen «Tid for hjem»-gjengen tilbake.

Dermed blir Os-artisten truleg den første i oppussingsserien på TV som frå sitt andre besøk av Bergesens kreative og produktive team.

– Det blir moro å sjå kva dei gjer. Kari og eg har gjeve dei heilt frie tøyler, så det blir jo litt spennande, seier Ole Reinert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rock`n`Roll-bule

Sist «Tid for hjem»-gjengen var i aksjon i Berg-Olsens hus i Solbakken var Ole Reinert ungkar og spelemann. Det bar også fornyinga av stova og kjøkkenet preg av.

– Ifølgje Kari (Oles kone) er det slutt på rock`n`roll-livet no. I alle høve her heime, ler 35-åringen.

– Neida, frå spøk til alvor. Sjølv eg skjønar at svart kjøkken med kvitevarer i 1950-talsstil og stor bar ikkje lenger er like passande no når eg har kone og born, legg Ole Reinert til.

Det gamle klenodiet med musikar-prisen til Ole på toppen, må ganske sikkert ut når huset skal fornyast.
Det gamle klenodiet med musikar-prisen til Ole på toppen, må ganske sikkert ut når huset skal fornyast.

Kom brått på

Det var kona som sendte søknad om å få oppussingsteamet på besøk. Då positivt svar kom no i vinter, vart det plutseleg litt brått med tid.

– Me har jo eigentleg ikkje tid til dette. Både Kari og eg har mykje anna me styrer med for tida, men pytt pytt. Me kan jo ikkje takka nei til Bergesen & Co. Det er jo eit veldig kompetent team som kjem her, seier Os-artisten.

Denne veka fekk han telefon frå produksjonsselskapet Pandora. No er det berre å byrja å rydda.

– Og eg som berre elskar å rydda, ler Ole ironisk.

Innviingsfest

Uavhengig av korleis det går, vågar Ole og Kari å invitera til innviingfest etter påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både Kari og eg er open for mykje. Me har tillit til at «Tid for hjem»-gjenen finn på noko fint og kult. Dermed tek me sjansen på å feira det med litt selskap. Det er ikkje så ofte ein får høve til å innvia ei nydesigna og oppgradert stove, seier Ole Reinert.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no