Fana-trenar Erlend Lyssand blir historisk om han lukkast med å ta damelaget til Fana opp i eliteserien.
Fana-trenar Erlend Lyssand blir historisk om han lukkast med å ta damelaget til Fana opp i eliteserien.

Onsdag kan Erlend Lyssand bli eliteserietrenar

Med siger over lokalrival Viking onsdag kveld vil Erlend Lyssands Fana-jenter vera klare for eliteserien.

Osingen er inne i sin fjerde sesong som hovudtrenar for handballdamene til Fana. Dei førre åra har dei enda med to femteplassar og ein fjerdeplass. No ligg Lyssands lag på andreplass med tre kampar att. Om laget vinn minimum éin kamp til er det historiske opprykket eit faktum.

– Me har sjansen til å sikra opprykket mot Viking i morgon (onsdag). Det blir ein utruleg spennande kamp, men om ikkje me lukkast då, så har me to matchballar igjen, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gått litt under radaren

Han takkar skøytegutane i klubben for at damelaget har fått jobba litt i fred den siste tida.

– Me har det desidert yngste laget i 1. divisjon, og det er klart presset kan vera stort. Me har heile vegen lege godt an til å rykkja opp, men no i det siste har Håvard Holmefjord Lorentzen og Sverre Lunde Pedersen teke så mykje av merksemda at jentene har fått gå litt under radaren. Det trur eg har vore bra, seier Fana-trenaren.

I helga banka dei Aker 31-18 borte. No er det altså berre to poeng som skal til, før Fana-damene kan slå følgje med serieleiar Skrim opp til det høgste nivået i damehandballen i Noreg.

– Me tek ein kamp om gongen og prøver å fokusera på arbeidsoppgåver inn mot Viking-kampen, men utsiktene for å klara det, er gode. Det må me vedgå.

Viktig for regionen

Om Fana klarar å stå løpet ut, blir dei historiske.

– Me tenkjer ikkje så mykje på det no, men ja, om me lukkast, blir det første gong i historia at eit damelag frå Fana blir klar for eliteserien i handball, konstaterer Lyssand.

– Korleis ser du på sjansane for å klara jobben heime mot Viking?

– Det blir sikkert eit tøft oppgjer. Me slo dei med mange mål i haust, men utanom det, brukar det å vera tette, tøffe kampar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det mykje folk?

– Ja, i morgong blir det stappfullt på tribunen.

– Kva vil det få å seia for Bergen og Region Vest å få opp eit eliteserielag til utanom Tertnes?

– Det vil vera veldig positivt. Om litt får me ny dobbelthall her på Slåtthaug. Det får de jo i Os også, så for rekrutteringa og satsinga vil det vera veldig bra å ha eit topplag til i bergensområdet.

– Og du er klar for å trena laget vidare neste år?

– Me er i forhandlingar no, så ingenting er sikkert. Men eg har veldig lyst til å halda fram. Eg er heldig og får jobba med veldig dedikerte spelarar og mange gode kollegaer i trenarteamet og styre og stell. Jaudå, eg vil vera med vidare, avsluttar Lyssand.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no