Det var noko symbolsk over at Hans Anton Kleiven var med og bidra på opninga til Silja Døsen Moberg og resten av gjengen i Osøyro Kolonial.
Det var noko symbolsk over at Hans Anton Kleiven var med og bidra på opninga til Silja Døsen Moberg og resten av gjengen i Osøyro Kolonial.

Opning med snev av nostalgi

Det var noko symbolsk over at Hans Anton Kleiven bidro på Osøyro Kolonial sin opningsdag torsdag.

– Eg heiar på alle som prøver å skapa noko. Silja og dei er flinke og tøffe. Eg håpar verkeleg dei får det til, seier Hans Anton.

Sjefen for gamle Kleiven Kjøt som heldt hus i same lokale, hadde ingen probelem med å stilla i anledning opninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når dei spør, så stiller eg. Klart det, smilte Os ubestridte kjøtspesialist.

– Du kjem til å bidra meir for Osøyro Kolonial du i framtida?

– Ja, me får sjå. Dette er jo i alle høve ein plass ein kan trivast, smiler han.

Turid Engelsen var svært nøgd med tilbodet i Osøyro Kolonial. - Sjå på den skinka. Ferskt kjøt av denne typen har eg sakna sidan Kleiven la ned, seier Engelsen.
Turid Engelsen var svært nøgd med tilbodet i Osøyro Kolonial. - Sjå på den skinka. Ferskt kjøt av denne typen har eg sakna sidan Kleiven la ned, seier Engelsen.
Den gamle vekta til Hans Anton Kleiven var på plass som ein del av inventaret i den nye butikken.
Den gamle vekta til Hans Anton Kleiven var på plass som ein del av inventaret i den nye butikken.

– Alt her er kvalitet. Dei har verkeleg gjort det skikkeleg skryter Kleiven.

Sakna tilbod

Og medan Kleiven laga til litt smaksprøvar på bakrommet, kunne Silja Døsen Moberg, Ingrid Bjaadal og resten av dei tilsette i Osøyro Kolonial helsa dei første kundane velkomne inn i butikken.

Blant dei første som fann vegen var Turid Engelsen.

– Åh, dette er eit tilbod eg har sakna. Sjå på den skinka, og dei knokane. Dette er slikt eg brukte å kjøpa hos Kleiven. No har me endeleg fått tilbodet tilbake, smilte Engelsen.

Travelt, men kjekt

Silja sjølv var naturleg nok ei travel dame denne morgonen, men ektemann Paal Moberg var på plass og tok seg tid til nokre ord med lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore ein travel innspurt, men det har også vore kjekt, ikkje minst fordi me har sett at resultatet blir så bra, seier Moberg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no