Olaug H. Gjelsvik og Henning H. Heimdal poengterer at det går an å selja miljøvenlege ballongar på 17. mai.
Olaug H. Gjelsvik og Henning H. Heimdal poengterer at det går an å selja miljøvenlege ballongar på 17. mai.

Oppfordrar til god ballongpraksis på 17. mai

Henning H. Heimdal i Lilleballong minner om at det går an å vera miljøvenleg sjølv når ein kjøper ballongar.

Fleire byar og kommunar i Noreg forbyr sal av heliumballongar på 17. mai.

Hovudgrunnen er å hindra plastforureining, samt avgrensa forbruket av helium.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men forbodet tyder likevel ikkje at vanlege ballongar treng vera fyfy på nasjonaldagen.

– Ballongane me sel er ikkje miljøbomber. Dette er ballongar framstilte av naturgummi frå regnskogen. Testar viser at dei rotnar bort i løpet av eitt års tid, om dei vert liggjande ute i naturen, seier Henning H. Heimdal i Lilleballong.

Skal ha vekt i enden av tauet

Han presiserer at dei sjølvsagt ikkje skal kastast i naturen av den grunn.

Lilleballong tener normalt meir pengar på bryllup og konfiramsjonsdagar enn på 17. mai. Uansett er dei opptekne av at folk skal kunna kjøpa miljøvenlege ballongar på nasjonaldagen.
Lilleballong tener normalt meir pengar på bryllup og konfiramsjonsdagar enn på 17. mai. Uansett er dei opptekne av at folk skal kunna kjøpa miljøvenlege ballongar på nasjonaldagen.

Heimdal er også klar på at ballongane ikkje skal sleppast til vers.

– Korkje no til 17. mai eller elles om året, sel me heliumsballongar utan vekt. Kvar ballong som går ut frå butikken vår har enten ein stor metallring som dette i enden av snora, eller så er det ballongoppsatsar som har vatnballongar som vekt, forklarer han.

– Kva er årsaka til at de er så opptekne av dette?

– Det er fordi ein på 17. mai stadig ser ballongar fyka til vêrs fordi borna ikkje har klart å halda på knuten. Ballongane som fyk til vers, endar opp som søppel der dei landar, seier han.

Om heliumdebatten

Dei siste åra har spesielt MDG kjempa for eit forbod mot heliumballongar. Regjeringa har sagt dei vil greia ut problemet. I mellomtida har 31 kommunar i Noreg sett ned forbod mot ballongane på 17. mai. Henning og Olaug H. Gjelsvik i Lilleballong, meiner forbodet er ein overreaksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– MDG meiner mellom anna at det er avgrensa med helium-ressursar her til lands. Det er det delte meiningar om. Men uansett så nyttar bransjen vår berre overskotshelium, som sjukehus ikkje kan nytta, poengterer Henning og Olaug.

– Flytande helium held 269 kuldegradar, og det er dette produktet som vert nytta i MR-maskinar på norske sjukehus. Når heliumet vert flytta frå ein tank til ein annan, vil kring 30 prosent av volumet gå frå flytande form til gass. Denne gassen er ikkje rein nok til å kunna brukast til så mykje anna, difor er det denne me i ballongbransjen får nytta til å laga helium-ballongar, forklarer Lilleballong-eigarane.

Ballongbransjen har sjølv sett opp ein del moment for god ballongpraksis:

* Alle folieballongar og gummiballongar med gass skal festast til vekt.

* Ingen ballongar skal nyttast i ballongslepp i lag med gassballongar.

* Små born som leikar med ballongar skal vera under tilsyn og haldast borte frå uoppblåste ballongar og ballongar som er sprukke.

* Ballongar som ikkje lenger er i bruk, skal punkterast og kastas i restavfall.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no