Julelysa lyser framleis på Osøyro. Fungerande sentrumsleiar, Daniel Skotheim, vedgår at dei lyser på overtid.
Julelysa lyser framleis på Osøyro. Fungerande sentrumsleiar, Daniel Skotheim, vedgår at dei lyser på overtid.

På tide å sløkka jula

Ein ting er å starta for tidleg, men kan jula også avsluttast for seint. Bør ikkje julelysa sløkkast no.

Eg følte sjølv eg var sein då eg tok ned julelysa søndag ettermiddag, men etter ein liten spasertur i nabolaget, er eg ikkje lenger så sikker. Om lag halvparten av bustadene eg passerte hadde framleis julelys på huset eller ute i hagen. I fire av husa eg passerte lyste til og med juletreet i stova.

13. dag jul

På 1980-talet hadde eg ei eldre lærarinne som hadde sin heilt eigen tradisjon for kor lenge jula skulle vara. Ho følgde julestrofa "Og jula varer helt til påske". Eg hugar juletreet hennar såg rimeleg ribba ut for barnålar i det me gjekk inn i april månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje gamle juletradisjonar er det to datoar som gjeld. 13. dag jul, altså 6. januar, eller 20. dag jul - 13. januar.

Dersom siste er tilfelle er gjeldande, har eigarane av husa eg passerte søndag kveld, alt på det tørre. Dersom 13. dag jul bør etterstrebast, var både eg og dei ein dag på overtid.

Jula er over

Men det er fleire som er seine. Også utanfor vindauga mine i Os sentrum lyser julelysa. Fungerande sentrumsleiar og næringssjef i Os kommune, humrar lett når me får han på tråden.

- Nei, du det er heilt i tråd med tradisjonen. Her har me jul til påske, ler Skotheim avvæpnande, før han meir alvorleg legg til.

- Neida, me er på saka. Eigentleg skulle me teke julelenkene ned sist veke, men grunna sjukdom, vart det utsett, fortel Skotheim.

Han lovar at det ikkje blir julestemning på Osøyro til påske.

- Jula er over no, og sånn må det vera, konstaterer Skotheim.

Sentra jular ned

På dei to sentra i Os og Fusaposten sitt nedslagsfelt er jula nær heilt borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me byrja sist veke og fekk rydda resten bort i helga som var. Då eg kom på jobb i dag, var det heilt julefritt her, fortel senterleiar på Fjord'n senter, Vigdis Øvreeide.

Ho meiner det er naturleg at sentre "jular ned" innan rimeleg tid.

- Me har ikkje alltid vore like tidlege, men eg synest det ville vore rart om me venta til 20. dag jul.

Kollega Silje Lygre ved AMFI Os er samd.

- Me fekk bort all innvendig julepynt sist veke. Utvendig har me framleis litt igjen, men det vert fjerna i løpet av veka, seier senterleiar Silje.

Lov med vinterlys

I Radio Norge-programmet «Loven & Co» filosoferte vertane over ovenfornemnde problemstillingar sist veke. Då meinte dei det gjekk eit klart skilje mellom konkret julepynt, og det ein også kan kalla vinterlys.

- Julepynt og juletre må ned. Vinterlys kan gjerne få hengja ut januar månad og lysa litt opp i vintermørkret, lydde det frå programleiar Øyvind Loven.

Eg lurer på om eg synest han hadde eit poeng... men eg er ikkje sikker.