annonse

Politiet set lite pris på vågale tungtransport-sjåførar

Set seg fast
Set seg fast: Tre større køyretøy har på kort tid sete seg fast på vegane over Søvikåsen. Her frå eit tidlegare tilfelle då ein lastebil fekk problem. (Foto: Illustrasjon)

Onsdag fekk Lensmannen i Os melding om ein semitrailer i Søviksvingane.

  • Karoline Forselius

Det var klokka 12.51 at lensmannen fekk melding om ein semitrailer, som hadde drista seg forbi skilta og prøvd seg på den smale snarvegen mellom Drange og Ulven. Lovens lange arm set lite pris på dei vågale forsøka til tungtransportsjåførane.

– Det står skilt om både lengde og breidde på kva som er tillate på den vegen, og det har sjåførane stort sett respektert. Men den siste tida har det komme tre tilfelle på rappen med lastebilar og bussar som har sete seg fast oppi svingane der, seier Anne Lyssand ved lensmannskontoret.

– Øydelegg vegen

Også på Facebook har folk reagert på auken av tilfelle med for store bilar på vegen, som knapt lar to personbilar passera kvarandre.

– Ein risikerer ikkje berre skade på køyretøyet, men når dei tunge transportane set seg fast, kan det gå hardt ut over vegen, seier Lyssand.

Ho fortel at politiet ikkje hadde ressursar til å rykka ut då meldinga kom inn, men at dei vil følgje med om våghalsane held fram med å trassa skiltinga.

– Det har ikkje vore eit problem på lenge, og så kjem der tre tilfelle på rappen. Det er merkeleg, og me vil ta aksjon om ikkje det blir med desse tre tilfella, seier ho.

karfors88@gmail.com

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut