I 2010 vann Niemczuk 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa. I januar 2013 vant han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar.

Polsk Chopin-meister til Oseana

Polske Grzegorz Niemczuk vert rekna som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. Laurdag kjem han til Oseana.

I 2010 vann Niemczuk 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa. I januar 2013 vant han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar.

Grzegorz Niemczuk har allereie eit stort internasjonalt namn og han gjer konsertar i dei fleste europeiske land, Amerika, Asia, Afrika og Australia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konserten i Oseana Kunst- og Kultursenter har fått tittelen «Chopin i ord og toner».

- Grzegorz Niemczuk er ikkje berre ein eminent og virtuos pianist, han er også ein strålande pedagog og kåsør. Som alltid, vil han også denne gongen fortelja om musikken han skal framføra, heiter det i ei pressemelding.

jostein@osogfusa.no