Ein ung mannleg bilist blei i går observert medan han øydela sin eigen bil.
Ein ung mannleg bilist blei i går observert medan han øydela sin eigen bil.

Ramponerte sin eigen bil

Først blei bilen avskilta, så bestemte eigar seg for å ramponera bilen som stod parkert midt i Os sentrum.

– Patruljen stoppa ein ung mannleg bilist i Os sentrum i går. Det enda med at dei tok skiltene på bilen. Seinare på kvelden blei mannen observert medan han ramponerte sin eigen bil. Han er inneforstått med at det såg dumt ut. Det blir ikkje reagert vidare, ettersom det var hans bil, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Politiet fortel vidare at det elles har vore roleg i både Os og Fusa.