Hans-Wilhelm Steinfeld kallar foredraget sitt Russisk Rabalder, og tema er norsk-russisk historie, internasjonal storpolitikk og kritisk journalistikk, noko Steinfeld har levd og ånda for i heile si journalistkarriere.

Russisk rabalder: Steinfeld kjem til Oseana

Han har blitt servert kaffi av Putin, drukke vodka med Jeltsin, og han har kjent Gorbatsjov sidan 1975. I september kjem Hans-Wilhelm Steinfeld til Oseana for å fortelja om livet som korrespondent i Russland og på Balkan.

- Det blir rett og slett rabalder når denne frittalande, engasjerte og svært kunnskapsrike mannen vitjar Oseana, seier arrangementsjef Berit Steen.

Ho omtalar Steinfeld som ein kritisk og uredd utanrikskorrespondent, og fortel at bergensaren kjem med ei blanding av eit talkshow og foredrag som ho vonar vil engasjera publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans-Wilhelm Steinfeld kallar foredraget sitt Russisk Rabalder, og tema er norsk-russisk historie, internasjonal storpolitikk og kritisk journalistikk, noko Steinfeld har levd og ånda for i heile si journalistkarriere.

- Han krydrar med den russiske, mannsdominerte humoren og kanskje trallar frå russiske folkelåtar, lokkar Steen som trur Steinfeld heller ikkje går av vegen for å meina noko om Putin og Trump også.

Hans-Wilhelm Steinfeld arbeidde som Moskva-korrespondent i NRK i 37 år. Han var NRK-korrespondent i Moskva i 18 år, og har vore NRK sin korrespondent på Balkan med sete i Budapest og Beograd. Steinfeld er utdanna lektor i sovjetrussisk og økonomisk historie (Cand.philol) frå Universitetet i Bergen, og han studerte i Warszawa og Sarajevo og i Moskva i 1975.

jostein@osogfusa.no