Leiar for Bookkeeper i Os,Tommy Hjelle og styreleiar hjå tidlegare Partas, Asle Andersen
Leiar for Bookkeeper i Os,Tommy Hjelle og styreleiar hjå tidlegare Partas, Asle Andersen

Samlar rekneskapsfolk under eitt tak

Bookkeeper satsar og kjøper opp 55 prosent av det lokale rekneskapsbyrået Partas.

– Osingane har fått eit splitter nytt økonomihus der kundane kan få hjelp til alt på ein stad. Det nye namnet blir Bookkeeper, avdeling Os, skriv pressekontakt i Bookkeeper, Arvid Steen.

– Eg trur verksemder i bygda har sakna eit tilbod kor dei kan få hjelp til både rekneskap, rådgjeving og HR, seier leiar for Bookkeeper i Os, Tommy Hjelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Størst i Hordaland

Like før påske blei det klart at Bookkeeper kjøper 55 prosent av Partas. Samlokaliseringa fann stad fredag før påske. Dei nye lokala til rekneskapsfolket blir i Hamnevegen i «Vindu mot fjorden».

Etter oppkjøpet er Bookkeeper nærare 75 medarbeidarar i Hordaland. 22 tilsette held til i Os.

– Satsinga i Os er veldig viktig for oss. Vi gler oss stort over å få Partas med på laget. Dei har dyktige fagfolk som vil bidra til å løfta Bookkeeper, seier administrerande direktør i Bookeeper, Eivind Norebø.

Bookkeeper er det største rekneskapsbyrået i Hordaland. I Os har selskapet 22 tilsette.
Bookkeeper er det største rekneskapsbyrået i Hordaland. I Os har selskapet 22 tilsette.

Gler seg

Partas ser fram til å bli ein del av Bookkeeper-konsernet.

– Partas var ein god merkevare på Os, med mange dyktige tilsette. No skiftar vi drakt og logo til ein endå sterkare merkevare, men folka blir dei same. I tillegg får vi hjelp av Bookkeeper-konsernet, seier styreleiar hjå tidlegare Partas. Asle Andersen.