Etter eit nominasjonsmøte torsdag, blei Marie Elisabeth Lunde Bruarøy samrøystes valt som ordførarkandidat til valet i 2019.
Etter eit nominasjonsmøte torsdag, blei Marie Elisabeth Lunde Bruarøy samrøystes valt som ordførarkandidat til valet i 2019.

Samrøystes valt til ordførarkandidat

Noverande ordførar i Os kommune, Marie Elisabeth Lunde Bruarøy, er Bjørnafjorden Høgre sin ordførarkandidat til valet i 2019.

Etter eit nominasjonsmøte torsdag, blei Marie Elisabeth Lunde Bruarøy samrøystes valt som ordførarkandidat til valet i 2019.

Bruarøy har vore aktiv i lokalpolitikken i Os for Høgre sidan ho kom på lista for første gong i 2003. Då ho blei ordførar i 2017 kom ho frå vervet som varaordførar, som ho har skjøtta sidan 2010.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I arbeidet med kommunesamanslåinga er Marie leiar i fellesnemnda, og ho har på denne måten fått særs god kjennskap om Fusa kommune, og ikkje minst arbeidet med å organisera og leggja til rette for den nye Bjørnafjorden kommune. Partiet er trygge på at Marie vil skjøtta vervet som ordførar i Bjørnafjorden kommune på ein framifrå måte, slik ho alt har fått høve til å demonstrera som ordførar i Os, skriv partiet i ei pressemelding.

Kandidatar til resten av Bjørnafjorden Høgre si liste vil bli nominerte og valt på eit eige nominasjonsmøte. Førebels dato for møtet er sett til 8. november.