(
(

Sendt til legevakta etter utforkøyring

To biler skal ha køyrd utfor på Ulvensletta natt til måndag.

Ulukka skal ha skjedd kvart over eitt natt til måndag. Ein av førarane skal ha opplyst at hjort i vegbanen var årsaka til utforkøyringa. Politiet held på med etterforsking, og kan ikkje seia så mykje om saka, eller kva som kan ha skjedd.

– To biler har hamna utfor vegen. Korleis det har skjedd, veit vi ikkje, seier Sindre Hallem, politibetjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjenner personane i bilane kvarandre?

– Det veit eg ikkje per no.

Skader på bilane

Det skal ha vore seks personar involverte i ulukka.

– Det såg ikkje ut til å vera alvorlege skader på nokre av dei involverte. Begge bilane har fått skader, seier Hallem.

Laurdag hadde politiet kontroll i nærleiken av 80-sona på Ulven, der ulukka skjedde.

– Vi stod ved avkøyrselen til Skytterhuset på Ulven. Vi kontrollerte 53 bilar. Det blei skrive ut eit førelegg – for ikkje å bruka setebelte.