annonse

Sesam har meldt oppbod - Os må leita etter ny p-løysing i sentrum

Må ta ny runde
Må ta ny runde: Jon Sivert Rykkel fortel at kommunen no må ta ein ny runde for å finna ei p-løysing til sentrum. (Foto: )

Det blir ikkje Sesam Sesam på Os.

Jostein Halland

Fredag skriv BT at Sesam parkering er konkurs.

- Bybanen og økt konkurranse om parkeringskundene på Flesland, har ført til at en av byens største parkeringsleverandører har meldt oppbud, skriv avisa.

Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel, konstaterer at det no ikkje vert noko Sesam-løysing på Øyro.

- Dette er sjølvsagt kjedeleg. Me har sett fram til å få dette på plass. Vi har ikkje tapt pengar i den forstand, men tid, påpeikar Rykkel og held fram:

- Det har vore ein krevjande prosess frå jul og fram til no for å få sett dette ut i live, utan at me heilt har fått forståinga for kvifor. Men no forstår me jo årsaka til det.

Kommunen vart informert om konkursen før oppslaget i BT.

Rykkel fortel at kommunen no må ta ein ny runde for å finna ei p-løysing til sentrum.

- Me må ut i markanden og sjå kva produkt som finst, og sjå om nokon kan tilby ei fornuftig p-løysing for Os - for det er me avhengige av å få på plass.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut