annonse

Skal sikra at kommunen behandlar personopplysningar på best mogleg måte

: Alle offentlege verksemder og andre som behandlar sensitive personopplysningar i stor skala, har plikt til å opprette eit personvernombod - inkludert Os kommune, og no har Gøran Breivik fått denne oppgåva. (Foto: Simen Soltvedt, Os kommune)

Os og Fusa kommunar får personvernombod.

Jostein Halland

I mai 2018 blir det innført ei ny personvernlov i Noreg og Europa. Den nye lova gir innbyggjarane mellom anna styrka rettar når ein registrerer seg elektronisk som privatpersonar, og ho gir òg større ansvar for personvern til bedrifter og verksemder. Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

Alle offentlege verksemder og andre som behandlar sensitive personopplysningar i stor skala, har plikt til å opprette eit personvernombod - inkludert Os og Fusa kommunar, og no har Gøran Breivik fått denne oppgåva.

Breivik har ansvar for personvern og informasjonssikkerheit i Bergen kommune, og fungerer som personvernombod for Bergen, Askøy, Fusa, Fjell og Øygarden – og no Os/Fusa.

- Mi oppgåve er å sikre at Os og Fusa kommunar behandlar personopplysningar på best mogleg måte. Når vi snakkar om informasjonssikkerheit, tenkjer mange på datainnbrot og ID-tjuveri og slik skumle saker, fordi det er det media skriv om. Men dette handlar vel så mykje om å sikra at rett opplysningar blir registrerte på rett person, slik at det ikkje oppstår feil i desse systema som vi alle etter kvart er så avhengige av, seier personvernombodet i pressemeldinga.

Leiarane i Os og Fusa kommunar er no i gang med å melda inn aktuelle system frå sine område. Breivik og avdelinga hans vurderer så om systema og dei eksisterande rutinane for handtering av personopplysningar er i tråd med det nye regelverket.

- Viss ikkje, kjem dei med råd om kva som må gjerast, heiter det i pressemeldinga.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut