I samband med føredraget til Helge Unneland har kunstnaren Anne Hesvik ei salsutstilling i Tunet. Hesvik er utdanna rosemålar og kombinerer på ein ny måte det dekorative med skrift, henta frå ulike kjelder.
I samband med føredraget til Helge Unneland har kunstnaren Anne Hesvik ei salsutstilling i Tunet. Hesvik er utdanna rosemålar og kombinerer på ein ny måte det dekorative med skrift, henta frå ulike kjelder.

”Skriften på veggen” - eit biletføredrag om kunst- og kulturhistorie

Har endringa av kunstomgrepet endra vår måte å sjå gamle ting på? Kan ein sjå på ”hustavler” på same viset som ein ser moderne kunst på?

Torsdag 21.september vert det ny TITT-samling (”Torsdag i Tunet”) i Kyrkjetunet i Os.

Helge Unneland er prest, men óg kunsthistorikar. I hovudfagsoppgåva arbeidde han med eit materiale som kan henda meir er kulturhistorie – skikken med såkalla hustavler. Dette å setja skriftord i glas og ramme, brodert eller trykt, – hadde si blømingstid i hundreåret frå 1850. Framleis heng det mange slike i norske heimar, tekne vare på som eit klenodium.

Artikkelen held fram under annonsen.

Interessant er det å trekkja liner frå dette fenomenet som ikkje vart rekna som ”kunst” – til samtidskunsten – der ”ord” ofte er ein viktig del av biletet. Har endringa av kunstomgrepet endra vår måte å sjå gamle ting på? Kan ein sjå på ”hustavler” på same viset som ein ser moderne kunst på? Ord skapar bilete og ein kan setja ord på det ein ser i eit figurativt bilete. Det er i dette spenningsfeltet samtidskunsten opererer.

I Storsalen har vi no fått eit godt flygel. Vegard Hodneland har vore ein initiativtakar og medspelar til realiseringa av dette instrumentet. Vegard vi gje oss nokre musikalske smakebitar; ekstra god grunn til å vitja TiTT denne kvelden.

Og som vanleg vert det enkel kveldsmat.

Helge Unneland er prest, men óg kunsthistorikar. I hovudfagsoppgåva arbeidde han med eit materiale som kan henda meir er kulturhistorie – skikken med såkalla hustavler.
Helge Unneland er prest, men óg kunsthistorikar. I hovudfagsoppgåva arbeidde han med eit materiale som kan henda meir er kulturhistorie – skikken med såkalla hustavler.

I samband med føredraget til Helge Unneland har kunstnaren Anne Hesvik ei salsutstilling i Tunet. Utstillinga opnar torsdag 21/9 og vil og vera open i helga 23-24/9.

Anne Hesvik er utdanna rosemålar og kombinerer på ein ny måte det dekorative med skrift, henta frå ulike kjelder.

Ho arbeider som kolorist med hovudvekt på ornamentikk. I det gamle bedehuset i Strandvik bur og arbeider kunstnaren. Her driv ho galleri, arrangerer konsertar og tek i mot gjester.

Anne Hesvik har ei rekke separatutstillingar og ulike kollektiv- og gruppeutstillingar bak seg. Nokre av arbeida hennar er kjøpt inn av ulike institusjonar. Heile seks arbeid er også kjøpt inn til Odd Nerdrum si private samling.

Kunstnaren har fått fleire stipend, studieopphald og reiser rundt om i verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Hesvik er medlem av Harding Puls som saman representerer ei stor breidde av kompetanse innan kunst og kultur.

Opningstider finn du i eigen annonse.

Os kyrkje