Ap og MDG er samde om at det er gjort fleire prosessfeil i saka knytt til ny skule på Hjelle. Biletet viser dei tre tomtene det stod mellom.
Ap og MDG er samde om at det er gjort fleire prosessfeil i saka knytt til ny skule på Hjelle. Biletet viser dei tre tomtene det stod mellom.

Skuletomta: Ber fylkesmannen vurdera om vedtak var ulovleg

Tone Hepsøe (Ap), Gisle Hesjedal (Ap) og Nils-Anders Nøttseter står bak lovlegkontrollen der dei hevdar at ei rekkje feil er gjort knytt til avgjerda kring ny skule på Hjelle.

Lovlegkontrollen vart overlevert til rådmann Christian Fotland før kommunestyremøtet på tysdag. Kommunestyret må først behandla saka, før ho går til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Dei tre politikarane som har signert lovlegkontrollen går gjennom saksgangen, og viser mellom anna til situasjonen med adhocutval som i praksis har vore lukka for innsyn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heilt sidan adhocutvalet vart oppretta i 2014 har det halde møte utan at møta har vore kunngjort, og innkallingar, sakslister, og møtebok har ikkje vore offentlege. Dette meiner vi er eit klart brot på kommunelovas kap. 6 om sakshandsamingsreglane for folkevalde organ, skriv dei.

Stiller spørsmål ved ordførarens fullmakt

Vidare peikar dei på at adhocutvalet ikkje kom tilbake til overordna organ på «naturlege tidspunkt i prosessen», slik mandatet sa. Eit slikt naturleg punkt meiner dei var då adhocutvalet vart samde om ei av tomtene i november 2016.

– Vi reiser vidare spørsmål om ordførar hadde fullmakt til å inngå opsjonsavtale med grunneigar på Hjelle i den hensikt å erverva tomt til ny skule all den tid det etter vår meining ikkje føreligg eit gyldig vedtak om val av tomt, skriv dei.

Heile lovlegkontrollen:

Godkjenning av planprogram reguleringsplan for Hjelle skule 61/2 m.fl.

Vi meiner vedtaket i saka er ulovleg grunna fleire prosessfeil som har leidd fram til at kommunestyret vedtok å godkjenna planprogrammet.

Kort om prosessen i saka:

1. Saka har originalt utspring i gjeldande skulebruksplan i kommunen, vedteke i 2010.

2. Det vart nedsett eit adhocutval i kommunestyresak 43/2014 (29.04.2014) for å arbeida med utbyggingsprosjekt innan skule. I saksdokumenta står det “Formannskap og kommunestyret blir involvert på naturlege tidspunkt i prosessen“.

3. Adhocutvalet fekk revidert mandat i kommunestyresak 98/2014 (16.12.2014) for å forankra meir konkret arbeid med kapasitet i sentrumsskulane samt å finna eigna tomteareal. Det vart ikkje utført endringar i rapporteringsplikt til formannskap og kommunestyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. I møte i adhocutvalet 18.11.16 skal det vera fatta vedtak om at nye skulen ”aust om elvo” skal byggjast på Hjelle. Utvalet skal ha innhenta to konsulentrapportar i prosessen fram mot sitt vedtak. Vedtaket er ikkje protokollført, møtet var ikkje annonsert, og ingen utanom adhocutvalet sine medlemmer visste eller kunne vite at møtet fann stad.

5. I kommunestyresak 117/2016 nokre veker seinare (20.12.16) utvidar kommunestyret mandatet til adhocutvalet, i tillegg til at det var utskifting av dei politiske representantane i utvalet. I saksdokumenta står det at det er ”førebels ikkje avgjort tomteval for skulen”.

6. Den 15.03.17 varslar ordførar at det er inngått opsjonsavtale om kjøp av tomt på Hjelle.

7. Plan- og bygningsutvalet vedtok i sak 79/2017 (24.05.17) Oppstart reguleringsplan Hjelle skule.

8. Det har vore umogleg for opposisjonspolitikarane og ålmenta å ha tilsyn og kontroll med prosessen i adhocutvalet grunna manglande innsyn.

9. Kommunestyre vedtok i sak 97/2017 (31.10.2017) Planprogram reguleringsplan Hjelle skule.

Årsaka til at vi meiner det er begått lovbrot er som følgjer:

Heilt sidan adhocutvalet vart oppretta i 2014 har det halde møte utan at møta har vore kunngjort, og innkallingar, sakslister, og møtebok har ikkje vore offentlege. Dette meiner vi er eit klart brot på kommunelovas kap. 6 om sakshandsamingsreglane for folkevalde organ.

Kommunestyret vart 20.12.16 ikkje informert om at adhocutvalet hadde fatta vedtak ein månad tidlegare. I mandatet til adhocutvalet frå 2014 går det fram at “Formannskap og kommunestyret blir involvert på naturlege tidspunkt i prosessen“. At adhocutvalet har konkludert må opplag reknast som eit naturleg tidspunkt i prosessen. Her har adhocutvalet etter vårt syn klart brote mandatet sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kommunestyre 20.12.16 vart mandatet frå 2014 vidareført med nokre utvidingar. I vedtaket kjem det fram at ”mandatet vert justert i høve saksframlegg”. Ifølgje saksframlegget er det ”førebels ikkje avgjort tomteval for skulen”. Slik vi ser det inneber dette at kommunestyret har vedtatt at ein ikkje har vedtatt tomteval for skulen. Sjølv om kommunestyret ikkje var kjent med at adhocutvalet fatta vedtak alt 18.11.17 må likevel konsekvensen av kommunestyrevedtaket 20.12.16 vera at vedtaket fatta i det underordna utvalet må sjåast på som oppheva.

I tråd med mandatjusteringa 20.12.16 er det etter vår oppfatning framleis adhocutvalet som har mandat til å finna ny skuletomt ”aust om elvo”. Adhocutvalet, med dei nyvalde politiske representantane, har etter 20.12.16 hatt møter 23.01.17, 23.03.17 og 20.10.17. Ikkje i nokon av desse møta er det fatta vedtak om val av skuletomt. Møtebok for utvalet er framleis ikkje gjort offentleg tilgjengeleg på kommunen sine heimesider.

Vi reiser vidare spørsmål om ordførar hadde fullmakt til å inngå opsjonsavtale med grunneigar på Hjelle i den hensikt å erverva tomt til ny skule all den tid det etter vår meining ikkje føreligg eit gyldig vedtak om val av tomt.

I politisk kvarter i Plan- og bygningsutvalet 30.03.17 etterlyste Harald Døsen informasjon om bakgrunnen for adhocutvalet sitt val. Trass i dette var ikkje konsulentrapportane frå Asplan Viak og Link Arkitektur vedlagt sak 79/2017 då PBU handsama oppstart av reguleringsplan i sitt møte 24.05.17, men berre referert til i saksframlegget. I tillegg byggjer PBU sitt vedtak om oppstart av reguleringsplan på adhocutvalet sitt vedtak av 18.11.17. PBU har dermed sett bort frå at kommunestyret med sitt vedtak 20.12.16 oppheva vedtaket frå adhocutvalet. Dette inneber etter vår oppfatning at PBU sitt vedtak i sak 79/2017 må vera ugyldig.

Konsekvensen av dette er at kommunestyret sitt vedtak i sak 97/2017 også må være ugyldig.

I tillegg til dette har det etter vår oppfatning òg vore grove brot på offentleglova § 3 om innsyn. I kommunestyret 20.12.16 var Gisle Hesjedal vald inn som ein av dei nye politiske representantane i adhocutvalet. Alt i det neste møte i utvalet, 23.01.17, bad han om innsyn i dokumenta som vedkjem adhocutvalet. Slikt innsyn fekk han ikkje. I neste møte i utvalet 23.03.17 bad han på nytt om innsyn. Krav om innsyn vart på nytt retta skriftleg til Os kommune i e-post 28.04.17 (vedlegg A) og 23.05.17 (vedlegg B). I same periode har kommunestyremedlem Nils-Anders Nøttseter bedt om innsyn 03.04.16 (vedlegg C), 04.04.16 (vedlegg D), 17.04.17 (vedlegg E) og 04.05.17 (vedlegg F). Den 26.05.17 får Hesjedal innsyn i nokre av dokumenta. Dette gjeld mellom anna møtebøker frå adhocutvalet vart oppretta i 2014 og utover, totalt 12 dokument. Konsulentrapport om tomteval er ikkje blant dokumenta. Merk at dette innsynet først kjem to dagar etter at PBU har vedtatt oppstart av reguleringsplan. Den 15.06.17 (vedlegg G) og 25.06.17 (vedlegg H) vert det på ny bedt om innsyn i konsulentrapport, og først 26.06.17 vert konsulentrapportane frå Asplan Viak og Link Arkitektur frigjevne. Rapporten frå Asplan Viak har vore skjult for offentlegheita sidan adhocutvalet fekk den i april 2015.

Vi reagerer kraftig på at vi som folkevalde må retta til saman 9 munnlege og skriftlege krav om innsyn før dei etterspurde dokumenta vert utlevert. Ekstra alvorleg er det at dette skjer i ein fase der saka er i prosess, og at vi slik vert hindra i påverke saka på dei naturlege punkta i prosessen. Særs graverande finn vi det at Hesjedal vert hindra tilgang til dokument og informasjon som gjeld det utvalet han sjølv er vald inn i som politisk representant. Første gong Hesjedal formelt får vite kva tomt som er vald er då ordførar Marie Bruarøy den 15.03.17 sende e-post med emne: Informasjon på ”raudt papir”, der ho orienterer dei noverande politiske representantane i adhocutvalet, samt den tidlegare leiaren i utvalet, at det er signert opsjonsavtale med grunneigarar på Hjelle om kjøp av eigedom til ny skule «Aust om Elvo».

Blant dokumenta som det vart gjeve innsyn i 26.05.17 er møtebok for adhocutvalet 18.11.16 (vedlegg I). Det kjem ikkje fram av møteboka at utvalet har fatta vedtak om val av tomt i dette møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derimot vart det gjeve innsyn i eit usignert dokument utan datering (vedlegg J) som hevdar at det vart fatta eit slikt vedtak. Så langt vi har forstått har alle utvalsmedlemmene som var til stades 18.11.16 i ettertid bekrefta at utvalet fatta vedtak om val av tomt. Vi reiser likevel spørsmålet om dette vedtaket kan reknast for gyldig all den tid det ikkje kjem fram av møteboka. Møte var ikkje kunngjort, og sakslista med tilhøyrande dokument var ikkje tilgjengeleg for ålmenta, slik kommunelova § 32 krev.

Eit ekstra problem er at MDG og Ap i formannskapet fleire gonger har bede om ei uttømmande liste over pågåande politiske utval og prosessar i kommunen. MDG vart representerte i kommunestyret først etter valet 2015, og sat dermed i meir enn eitt år utan å kjenne til at arbeidet var undervegs, trass gjentekne førespurnader. Første gong saka dukka opp i offentlege dokument etter at MDG vart representert i kommunestyret var i sak 117/2016 då mandatet til adhocutvalet vart utvida og det vart valde nye politiske representantar.

I valet av skuletomt kunne vi tenkt oss å ta opp jordvern som tema. Stortinget vedtok i 2015 å redusera nedbygging av matjord. Vi byggjer likevel ned 50 % meir enn det Stortinget har sett som mål, nemleg maksimalt 4000 dekar i året. Tomta som er vald av adhocutvalet er fulldyra mark, og var rangert som nummer to av Link Arkitekter som var konsulentar i saka. Dei har ikkje vekta jordvern i rapporten.

Adhocutvalet som vart oppretta april 2014 var ein vidareføring av arbeidet med å realisere skulebruksplanen, og ein la samstundes ned det førre adhocutvalet som jobba med skulebruksplanen. Det føregåande utvalet leverte grunngjeve innstilling på val av tomt for ny Nore Neset Ungdomsskule til formannskap og saka om val av tomt gjekk også til kommunestyret. Det er difor nærliggjande å forventa same prosess, men adhocutvalet som vart oppretta 2014 har altså aldri rapportert til formannskap og kommunestyre i samband med val av tomt.

I prosessen har det vore lite informasjon tilgjengeleg og noko informasjon har vore feil. Den dårlege prosessen har ført til at vi ikkje har fått diskutert saka politisk. Vi har heller ikkje kunna be om lovlegkontroll av tomtevalet eller prosessen rundt på grunn av hemmeleghald og manglande innsyn. Det har gått eit år frå vedtaket vart fatta i november 2016 til vi i dag kjenner innhaldet, og det har vore umogeleg å føre kontroll med prosessen. Dette er problematisk og hindrar oss i å utøve dei demokratiske prosessane vi er valde til å føra.

Os, 21.11.17

Med helsing kommunestyrerepresentantane

Nils-Anders Nøttseter (MDG)

Artikkelen held fram under annonsen.

Gisle Hesjedal (Ap)

Tone Hepsøe (Ap)

ol@osogfusa.no