Politiet ønskjer å forkorta leigeavtalen med Os kommune. Er det då verd den økonomiske risikoen? Det vart diskutert bak lukka dører tysdag.
Politiet ønskjer å forkorta leigeavtalen med Os kommune. Er det då verd den økonomiske risikoen? Det vart diskutert bak lukka dører tysdag.

Stadig nye krav frå politiet – kommunen vurderer eigen risiko

Først ville politiet ha mindre lokale, deretter kortare leige. No vurderer Os kommune om det er risikoen verd å gå i sluttforhandlingar med politiet.

Os kommune ønskjer å samla alle blålysetatane på Moberg, og no er sjansen der. Politiet er i ferd med å finna seg nye lokale, og innan mars 2019 ønskjer dei å ha løysinga klar. Sidan i fjor haust har det pågått forhandlingar mellom Os kommune, Os lensmannskontor, Vest politidistrikt og Politiets fellestjenester.

I november leverte Os kommune sitt tilbod, som var eit fellesbygg beståande av driftsbygningen til OHARA i første etasje og politistasjon i andre og tredje etasje. Dei første skissene viste at bygningen ville få eit bruksareal på 3.260 kvm, der 1.860 kvm var tiltenkt politistasjonen. Men så viste det seg at det var meir enn politiet hadde behov for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bad om mindre areal

I utgangspunktet bad politiet om eit lokale på mellom 1.300 kvm og 2.000 kvm med publikumsmottak og innvending parkering for politiets køyretøy (6-10 bilar). I eit forhandlingsmøte som vart gjennomført 15. november, kom det fram at politiet ønskte reduksjon av areal «på grunn av endra behov hjå politiet».

Dermed måtte Os kommune laga nytt romprogram. Det kom nye byggtekniske krav frå politiet, og eit nytt bygg vart programmert. Dette reviderte tilbodet med ny løysing vart sendt til politiet 13. desember.

Bad om kortare leige

Heilt i slutten av desember vart det gjennomført eit nytt forhandlingsmøte mellom politiet og Os kommune. Dei nye teikningane vart presentert og ulike forhold i samband med leigekontrakt og pris vart diskutert. Då informerte politiet om at dei ønskjer leigeforhold med kortare leigeperiode enn det som ligg til grunn i konkurranseutlysinga.

Ville diskutera risikoen

Då saka vart diskutert i formannskapet tysdag, varsla Marie Bruarøy at ho ville lukka møtet av omsyn til kommunens forhandlingsposisjon. Prosjektsjef Halvor Hanevik sa at det administrasjonen følte behov for å diskutera med politikarane var «kva type risiko kommunen går inn i før endelege forhandlingar med politiet».

– Noko av grunnen til at saka kjem opp her er at politiet ber om eit kommunestyrevedtak, sa Bruarøy.

Før møtet vart lukka ville Eirik André Hesthamar (Frp) vita «kor spesiell» politibygningen var.

– Korleis ser det ut i høve til eit kontorlandskap? Blir det skreddarsydde rom med bombesikre vegger?

– Litt spesielt er det, men det blir ikkje problem å bruka bygget til kontor, sa Hanevik. Han sikta truleg til at dersom bygningen måtte konverterast til annan bruk seinare, vil det ikkje vera så veldig problematisk å kunna leiga ut bygget til ein annan aktør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lukka møtet

Deretter vart møtet lukka, og politikarane diskuterte det som truleg var kost/nytte-vurderingar i cirka ein time. Arbeidarpartiet tok eit gruppemøte i løpet av tida. Då møtet vart sett att, opplyste ordførar Marie Bruarøy at vedtaket dei fatta ville vera unnateke offentlegheit fram til tildelinga er gjort.

ol@osogfusa.no