Trine Bjørkhaug Dyke er strålande nøgd med fornyinga av butikken på Moberg. ñ Både her inne, og på parkeringsplassen utanfor er det blitt meir romsleg og oversiktleg, seier butikksjefen.
Trine Bjørkhaug Dyke er strålande nøgd med fornyinga av butikken på Moberg. ñ Både her inne, og på parkeringsplassen utanfor er det blitt meir romsleg og oversiktleg, seier butikksjefen.

Stor dag for Kiwi Moberg

Etter seks dagar med stengde dører og travel innspurt kunne Kiwi Moberg feira nyopninga av butikken torsdag.

– Det er så kjekt å få helsa alle kundane velkomne tilbake, og visa dei vår nye og utvida butikk. Dette er rett og slett ein stor dag for Kiwi Moberg, seier butikksjef Trine Bjørkhaug Dyke.

Dei siste dagane har ho og kollegaane jobba på spreng for å bli klar med nyopninga av butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore travelt, men me har fått gjort mykje godt arbeid. I tillegg til å tilpassa alt til den utvida delen av butikken, har me nytta høvet til å skifta ut alle kjøle- og frysediskane på huset. Dei nye er i tillegg meir miljøvenlege, smiler Trine, medan ho byr kundane på kaffi og marsipankake innanfor inngangen.

200 kvm større

Etter utbygginga har butikken gått frå ein salsflate på 650 kvm til 870 kvm.

– Me har altså fått 200 kvm meir å boltra oss på. Det gjer, som eg håpar du ser, at me har fått ein meir oversiktleg og open butikk, seier Dyke.

Uteplassen ved Kiwi-butikken på Moberg kan no husa 80 parkerte bilar. Før utvidinga var 30  bilar maks.
Uteplassen ved Kiwi-butikken på Moberg kan no husa 80 parkerte bilar. Før utvidinga var 30 bilar maks.

Også parkeringsfasilitetane utanfor er blitt monaleg betre.

– Ja, det var faktisk hovudårsaka til at me starta dette utvidingsprosjektet. Den knappe parkeringsplassen vår var blitt ein flaskehals. Før var 30 bilar maks. No har me plass til 80, seier Dyke.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no