annonse

Strålande marknad i strålande sol

Mykje arbeid
Mykje arbeid: I meir enn ti timar står Irene Tveit og Britt Sagen og rører i den sagnomsuste Strandvikadravlen før han er ferdig. Då er det godt at gjestene på marknaden veit å setja pris på det dei lagar.
God dravle
God dravle: Tone E. Ersland, Hans Tveit og John Ersland er godt nøgde med dravlen. – Fantastisk, seier dei.
I besten sine fotspor
I besten sine fotspor: Søskenborna Tord Sørheim og Johannes Dalland sel river og andre arbeidsreiskaper i tre. – Det var bestefaren vår som starta verksemda, fortel dei.
Verkstad
Verkstad: Ingvar Nistad lærer Iselin Garverhaugen, Hedda Hove Dalland og Isabell Smørholm å laga eigne leirgaukar.
Heimelaga
Heimelaga: Isabell Smørholm (7) testar om det er lyd i leirgauken ho har laga.
Satsar på 23
Satsar på 23: – Det er ei anna høne som har bæsja på nummer 23, så difor valte eg det talet, seier Tuva Sagstad. Ho og veninna Melina Mol er klar for bingo.
Hønsedritebingo
Hønsedritebingo: Olav Vetlejord (4 1/2) har planar om å delta i hønsedritebingoen. Fireåringen satsar på at tala 2 og 31 vil bety lukke for han.
Proviant
Proviant: Denne kvintetten hadde mykje godt å by på.
Ny ATV?
Ny ATV?: Oliver og Daniel Bergheim kunne godt tenkt seg kvar sin ATV. – Vi har ein heime. Eg hjelper til ved å køyra ved med han til dømes, fort storebror Daniel.
Branngut
Branngut: Sverre Stuhr (1 1/2) finn seg godt til rette i brannbilen. – Bæ, bu, bæ, bu, seier han.
Lopper
Lopper: Karen Fure i lag med Isabella Løberg Reiertsen (7). – Vi samlar inn pengar til kyrkja, fortel Fure.
Lever av vev
Lever av vev: Ranveig Lunestad frå Ulvik er ei omreisande vevkjerring.
Ugler i mosen
Ugler i mosen: To ugler vart det til slutt. Her er Vegard Nøttveit i arbeid.
Motorsagkunst
Motorsagkunst: Arne Askeland veit korleis han skal handtera ei motorsag.

Motorsagkunst, hønsedritebingo, leirgaukar og sjølvsagt dravle. Det var mykje å finna på, både for store og små, på Strandvikmarknaden laurdag.

Camilla Kvamme

Laurdag inviterte Liv & Lyst tradisjonen tru til Strandvikmarknad i Strandvik.

Dravlen fekk som vanleg bein å gå på.

– I år har vi kokt i to dagar. I fjor kokte vi berre éin dag, og då hadde vi altfor lite, fortel Britt Sagen og Irene Tveit.

150 liter til saman har det blitt. Likevel må damene visa ei viss varsemd. Vona om å få med seg eit spann heim må venta, i alle fall ei stund til.

– Vi sel fersk dravle fram til klokka 14. Det som eventuelt vert til overs kan folk få kjøpa med seg heim, seier dei to damene.

Ekte vevkjerring

Strandvikmarknaden er ei sals- og utstilingsmarknad, og av utstilliarane som hadde teke turen til bygda, var Ranveig Lunestad frå Ulvik. Lunestad er ei ekte omreisande vevkjerreing.

– Eg har halde på med veving i 30 år. Når året er omme, er lageret mitt alltid tomt, fortel ho.

Lunestad handvever løparar og veggteppe, men også filleryer.

– Eg arbeider med eit tradisjonelt handtverk på tradisjonelt vis. Det er kjekt å kunna skapa noko sjølv, og få høve til å vera sin eigen herre, seier vevaren.

Tord Sørheim og Johannes Dalland er på marknaden med ein varebil full i koste-, økse- og sleggeskaft, river, og små og store ljåer. Det var bestefaren deira, Hans Dalland, som starta verksemda. I dag er det far til Johannes, Haldor Dalland, sm står i bresjen for arbeidet.

– Vi hjelper til når vi har tid, fortel dei to søskenbarna.

Ny oppleving

Tradisjonen tru var det både frukost, hønsedritebingo, andeslepp og korsong på marknaden. Av andre ting som stod på programmet var motorsagkunst, leirgaukverkstad og popkorn. Sistnemnte var av essensiell tyding for Isabella Løberg Reiertsen (7).

– Vi er nett komne, men eg har sett at dei har popkorn, seier 7-åringen nøgd.

– Og hønsedritebingo. Det er heilt nytt for ho. Dei har ikkje slikt i "byn", seier bestemora hennar og smiler.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut