På søndag vert nyopninga av Sundvor kyrkje markert med familiegudsteneste.
På søndag vert nyopninga av Sundvor kyrkje markert med familiegudsteneste.

Sundvor kyrkje opnar att

Det er eit stort og flott arbeid som er gjort i Sundvor kyrkje. Palmesundag vert kyrkja teken i bruk att.

Kyrkja har då vore stengd i om lag to og ein halv månad.

Kyrkja var på mange måtar målingssliten, og fleire av romma utanfor sjølve kyrkjerommet hadde fargar som ikkje harmonerte med sjølve fargane ein hadde i kyrkjerom og kor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det aller meste av kyrkjerommet og koret, begge sakristia, våpenhus og trappeoppgang til galleriet er no måla. Vi som har vore med under prosessen er godt nøgde med resultatet, og vi vonar mange vil koma og bli med denne dagen – å oppleva den vakre kyrkja vår.

Vi veit at mange liker kyrkja på grunn av sine fargar og utsmykking. Og kyrkja er kanskje finare enn nokon gong no når ein har fått heilskapen i fargane også når det gjeld sakristia og våpenhus. Og dessutan har ein teke tilbake den opphavlege golvfargen i kyrkja og på galleriet!

På søndag markerer vi opninga med familiegudsteneste – barnekoret Songbuketten deltek, og det vert kyrkjekaffi etterpå.

Frå venstre kyrkjetenar Øyvind Nordbø, soknerådsleiar Roald Samnøy og leiar i Sundvor kyrkjeutval Sigbjørn Sundfjord.
Frå venstre kyrkjetenar Øyvind Nordbø, soknerådsleiar Roald Samnøy og leiar i Sundvor kyrkjeutval Sigbjørn Sundfjord.

Vi ønskjer velkomen til gudsteneste i vakre Sundvor kyrkje!

Harald Geir Sæther

Kyrkjeverje