Lysekloster rota i forsvar ved fleire høve i dag. Det utnytta Fyllingsdalen.
Lysekloster rota i forsvar ved fleire høve i dag. Det utnytta Fyllingsdalen.

Tapte toppkampen: Opprykket ser mørkt ut for Lysekloster

Lysekloster er avhengige av hjelp for å kunna rykkja opp etter at dei tapte toppkampen mot Fyllingsdalen.

Fyllingsdalen passerte Lysekloster på tabellen etter at dei vann 3-1 på Lysekloster Framo Idrettspark i ettermiddag. Samstundes vann Sotra 4-3 heime mot Tertnes. Det gjer at Lysekloster, som før denne runden toppa tabellen, no er nede på tredjeplass med to kamper att. Det er jamt i toppen. Lysekloster er eitt poeng bak Fyllingsdalen og tre poeng bak Sotra. Fyllingsdalen og Sotra skal møta kvarandre i siste runde.

Fortent tap

Lysekloster opna kampen best, og var nære skåring då ei hedding frå Even Vetås trefte tverrliggjer. Etter kvart var det Fyllingsdalen som tok over initiativet. Dei skapte nokre sjanser, men 0-0 stod seg til pause - takk vera Lysekloster-kaptein Kjetil Hansen som hadde eit par gode redningar. Få minutt etter kvilen var bortelaget på farten og utnytta rot i Lysekloster forsvaret. 1-0 til Fyllingsdalen var eit faktum. Som om ikkje det var nok, få minutt seinare utnytta bortelaget rot i heimelaget sitt forsvar - igjen. Kjetil Kalve lobba ballen enkelt over Hansen som var på veg ut. Med 40 minutt att stod det 2-0 til Fyllingsdalen. Lysekloster klarte ikkje å skapa særleg med sjanser, og når dei kom til avslutningar, fyrte dei med lauskrutt. Håpet blei tent etter 85 minutt då Vetås skåra på corner. Lysekloster var utruleg nære utlikning då ein hedding gjekk over keeper, men ein forsvarsspelar på Fyllingsdalen fekk hedda ballen vekk på mållina. Bortelaget gjekk så rett i angrep og skåra 3-1-målet og avgjorde kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.