(
(

Tatt med narkotika

Ein mann i 30-åra, som gjekk med ein sykkel, blei torsdag stoppa av politiet litt utanfor Os sentrum.

– Politiet fann hasj, amfetamin og tablettar på mannen. Vi tok frå han det og sykkelen, då vi mistenkjer at den er stolen, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

– Kva er det som gjer at de mistenkjer at mannen ikkje eig sykkelen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er grunna sykkelen han gjekk med, og forklaringa han gav om eigarskapet. Vi kjenner dessutan til personen frå tidlegare. Han har vore involvert i liknande saker. No skal vi sjekka om sykkelen er meldt stolen, seier Hadler-Olsen.