Alt tydar på at Terje Søviknes held fram som olje- og energiminister når Erna Solberg i dag presenterer sin nye regjering. (Privat foto)
Alt tydar på at Terje Søviknes held fram som olje- og energiminister når Erna Solberg i dag presenterer sin nye regjering. (Privat foto)

Terje Søviknes med vidare

Alt tyder på at Terje Søviknes får fornya tillit og er med i den nye Solberg-regjeringa som vert presentert onsdag føremiddag.

Det er no litt over eitt år sidan Terje Søviknes søkte permisjon frå ordførar-stillinga si i Os og vart olje- og energiminister i Erna Solberg si regjering. Etter eit år med mykje jobbing og hektisk reiseverksemd, ser det no ut til at Søviknes er med i Solbergs planar for hennar andre regjering, og at han held fram i den same ministerstillinga.

Klarsignal også på heimebane

Os og Fusaposten har hatt kontinuerleg kontakt med Søviknes kring spørsmålet om han vil/skal halda fram som minister. Heile vegen har Søviknes halde korta tett til brystet og sagt at dette kjem an på fleire ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om eg held fram som ministar kjem også an på familiesituasjonen, og om dei heime er klare for at eg held fram. Det er ikkje til å leggja skjul på at det vert rimeleg mykje reising i denne jobben, og det er klart, det merkar dei heime, sa Søviknes til Os og Fusaposten då me spurte han om temaet for halvanna veke sidan.

Men no kan det sjå ut til at vår tidlegare ordførar truleg har fått klarsignal på heimebane.

Den nye regjeringa til Solberg vert presentert på slottsplassen i Oslo klokka 14 i dag (onsdag).

kenneth.svenningsen@osogfusa.no