annonse

Tiltalt 15 år ettter overfallsvaldtekt i Os

E39/Holtbrekka
E39/Holtbrekka: I dette krysset skal den no 57 år gamle mannen (innfelt er politiets fantomteikning) ha overfalt og valdteke ei 20 år gamal kvinne. (Foto: Arkiv)

Den tiltalte 57-åringen frå Os nektar straffskuld.

Det var i fem-tida på morgonen 28. august 2004, at den då 20 år gamle kvinna skal ha blitt overfalt og valdteken i krysset ved 7-Eleven/Holtbrekka.

Nrk.no skriv at mannen i fylgje tiltalen har «bore og slept kvinna inn i eit skogsholt, halde henne fast og valdteke henne.»

I 2018 vart mannen meld for ei anna valdtekt, og DNA-prøva i saka matcha den gamle valdtektssaka.

Tok ut tiltale i dag

Torsdag tok statsadvokaten i Hordaland ut tiltale mot 57-åringen.

Bistandsadvokat for kvinna, Nanette Allers-Hansen, seier til nrk.no at klienten hennar håpar at saka no får sin ende.

– Samtidig er det ei krevande tid for henne og ei stor påkjenning, men ho vel å tolka tiltalen som at politi og påtalemakta trur på hennar historie.

anne-marie@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut