Tim Henrik Sperrevik leier Os A-lag mot Lyngbø i morgon ettermiddag og framover inntil klubben finn ei permanent løysing.
Tim Henrik Sperrevik leier Os A-lag mot Lyngbø i morgon ettermiddag og framover inntil klubben finn ei permanent løysing.

Tim Henrik blir hovudtrenar inntil vidare

I påvente av ei meir permanent løysing, blir Tim Henrik Sperrevik A-lagstrenar for Os.

Etter 3-2-tapet for Fyllingsdalen sist helg, valde Karl Kvile å tre av som trenar for A-laget til Os Turn. Oddingen følte ikkje at han hadde støtte i heile spelargruppa og meinte dermed at det ville vera teneleg for alle partar om dei skilte lag.

Førebels løysing

Før morgondagens heimekamp mot Lyngbø er det no klart at assistenttrenar Tim Henrik Sperrevik får hovudansvaret for A-laget på Kuventræ.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som ei førebels løysing får Tim Henrik ansvaret no framover. Men på sikt ønskjer me å få inn ein person for Kvile, så får me sjå kor kjapt me klarer å få vedkomande på plass, seier sportsleg leiar i Os Turn, Jan Frode Skeie.

– Er det utenkjeleg at Timmen får hovudansvaret også permanent?

– Det er ikkje utenkjeleg, men det har med kva Timmen sjølv har tid og høve til, og kven andre personar som er tilgjengelege på marknaden, seier Skeie.

Svoltne spelarar

Til kampen mot Lyngbø stiller Os uansett med eit sterkt og svoltent lag.

– Eg trur spelarane har takla det som skjedde denne veka på godt vis. Det var ikkje optimalt at hovudtrenaren takka for seg etter ein kamp, men skal ein lukkast, så må det vera god kjemi og tillit mellom spelarar og trenar. Det var det ikkje no, konstaterer Skeie.

– Men dei gutane som Timmen sender på banen i morgon, er klare for å klina til i årets første heimekamp?

– Ja, det er eg heilt trygg på. Det er ein gjeng svoltne og revansjelystne gutar, avsluttar Skeie.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no