(
(

Tjuveri av bil på Bjørkeflaten

Politiet fekk i dag tidleg melding om at ein bil var stolen frå Bjørkeflaten.

– Klokka 07.00 fekk vi melding om at ein Ford Ranger var stolen frå område kring Bjørkeflaten. Ein person er angitt, så vi veit sannsynlegvis kven som er gjerningspersonen, seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

Politiet har fått melding om at bilen har køyrd i retning Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi følgjer med i heile bergensområdet, så langt utan konkrete resultat, seier Dyrdal.